Hurra for 100-åringen Arthur !

I dag 20 april 2020 er Arthur Westersjø 100 år ! 
Heile Jøsnes-bygda gratulerar masse ! 
Jøsneset Bygdaråd og Jøsneset Helselag har sendt ei lita blomsterhelsing til han. Han får sikkert òg mange andre helsingar frå bygdefolk, mellom anna via videohelsingar som familien har laga til.  Arthur feirar dagen på Årdal Omsorgsenter.Koronasituasjonen gjer det slik at feiringa av dagen blir litt spesiell, men de har laga til utandørs samling i tråd med koronareglane så han får sjå og møte både familie og ordførar ! Stor stas !  Me håpar Arthur får ei finfin feiring av denne spesielle dagen 🙂

Bildet av Arthur her er tatt i 2016, då Hjelmeland Turlag hadde fellestur forbi Giskelid, på veg ned frå Røssenibben til Bastlid.  Arthur var då 95 år, og var «bestilt inn» til å fortelje, og her var han i sitt ess i sitt barndoms rike med lyttande folk rundt seg !! Han fortalde om bygging av denne tømmerhytta, om krigen, og livet her inne på tømmerskogen dei harde vintrane under krigen. 

HIPP HIPP HURRA FOR DEN SPREKE 100-ÅRINGEN ARTHUR !!!

foto: Svanhild Hjorteland Gbada


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.