Dag: 12. mars 2020

Turpostane er opne !

Midt i den utfordrande korona-tida: Gløym ikkje at me bur på ein fantastisk stad og at naturen ligg der tilgjengeleg for oss som ein open, trygg arena ! Ta turen ut og la hodet få ein liten pause frå all informasjon ! Naturen kurerer stress 🙂   Treng du turtips? Her er TURKART FOR JØSNESET

GYMBYGG OG TRENINGSROM STENGT INNTIL VIDARE

På grunn av korona-situasjonen har Bygdarådet kome fram til at det rette er å stenge gymbygget for både organisert og ikkje-organisert trening inntil vidare ! Treningsrommet kan altså heller ikkje nyttast.  Avgjerda kjem som følgje av oppmodingar om nasjonal dugnad for å bekjempe smittespreiing.  Dette gjeld inntil vidare og til det foreligg anna informasjon frå …

AVLYST – årsmøtet i Jøsneset Helselag

På grunn av korona-situasjonen og dei råd me får mellom anna frå Nasjonalforeningen for folkehelsen , er årsmøtet i Jøsneset Helselag 16.mars avlyst.  Me avventar til me får ny informasjon om korleis årsmøtet kan avhaldast.  Me oppmodar alle om delta i den nasjonale dugnaden for å bryte smittekjeda nå, og følgje råda som blir gitt nasjonalt …