Månad: februar 2020

Vinterferie og torsdagstrim !!

Er du heime på vinterferie?…..eller sit på hytta og tvinnar tomlar og lurer på kva du skal finne på?  Bli med på TORSDAGSTRIMMEN då vel !!  Treninga skjer i gymsalen/treningsrommet kvar torsdag 19.30, og er gratis og open for alle som har lyst …fastbuande, fritidsbuande, besøkande gjester, naboar, unge og gamle…..ja, kom og bli med …

Ryfastbok som takk for bidraget !

Hjelmeland kommune sender ut til takk til dei som bidrog med  januar2020-arrangementer; eit «stunt» for å vise fram det Hjelmeland har å by på i samband med «gratis-Ryfast-periode».  På Jøsneset var det arrangementer både på Mikals Laks saman med Buhagen,  open gard på Foss, samarbeid med Bygdarådet – og fellestur til Fosstemmen ved Helselaget Her …

VInterferie i Hjelmeland – kva skjer?

HJELMELAND NATURLEGVIS-prosjektet innbyr igjen til innsats og kreativitet – denne gongen med «stunts» og aktivitetar i vinterferien.  Les INVITASJONSBREVET.   Har du noko å bidra med? Kontakt prosjektleiar Jan Sverre Grimstad 40439012

Opning av trimrommet !

Laurdag 15 februar var det offisiell opning av den nye trimrommet på Jøsneset – eit rom som har vore under etablering i eit par år nå ! Anita Topp Sandvik frå  Topp Treningssenter var med oss på opningsdagen; med eit flott treningsinnlegg, ei halvtimes god treningsøkt og òg ein gjennomgang av alle treningsapparata: tips om …

Trening i dag er avlyst

På grunn av utleige av gymbygget blir det ingen trening i dag, torsdag 13.02. Me minner igjen om offisiell opning av treningsrommet laurdag kl 11!

Lyst på ei stor hylle ?

Denne hylla gis vekk mot henting. Står i kjellaren på Bedehuset. 

Lyst på ei stor hylle ?

Denne hylla gis vekk mot henting. Står i kjellaren på Bedehuset. 

Avlusing Fosså – veke 6

MOWI FOSSÅ melder at det blir avlusning mandag 3 – onsdag 4 februar 2020, derav sannsynlegvis 2 netter