Er du ei leseløve ? Eller har lyst å lese meir bøker og diskutere de med andre ? Då er du velkommen i Jøsneset Boksirkel. Me møtes første onsdagskveld i kvar mnd på gamleskulen og diskuterer bøker me har lest. Sjangrar og forfattarar varierar stort – og det er ofte me har svært ulike oppfatningar om dei bøkene me har lest – og ofte skaper de grunnlag for diskusjonar som drar i allslags retningar. Dette er berre for kos og interesse – Det er ingen høg terskel og ingen «leseplikt», og du kan sjølv vere med å foreslå nye titlar og ulike sjangrar bøker. Det er veldig kjekt om akkurat DU har lyst å bli med !! Møt berre opp på gamleskulen kl 19.30 første onsdag i månaden – med første treff nå i 2020 nå 8.jan kl 19.30.
Det er òg eit rikt utval av bøker og spel til utlån på gamleskulen – Ta kontakt med Marit Wyller 905 37 548 eller møt opp i boksirkelen – så kan du få låne bøker her
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.