Månad: januar 2020

Set av 15 februar – opning av treningsrom

I løpet av det siste året er det blitt kjøpt inn ein del trimapparat og treningsutstyr, og det er rigga til eit treningstilbod i gymbygget på Jøsneset. Meininga er at …. …folk skal kunne gå her å trene fleksibelt og på eigen hand når de måtte ønskje. Det er nå montert ein kodelås på ei …

Nike-plagg funnet

NikeRunning-plagg funnet ! Fosstemmen! Ta kontakt med Svanhild 97007636 om du trur det er du som har gløymt den der

Smashing Jøsneset 1. august

Artistane er klare, så sett av datoen!

Takk for turen !!

Takk til dei ca 30 som blei med på Helselaget sin fellestur til gapahuken «Kalvagaren» ved Fosstemmen ! Trivelig gjeng og god blanding av barn og vaksne, fastbuande og besøkande frå nabobygdene våre !!  God prat rundt bålgrua inne i gapahuken her, med varm løksuppe, kaffe, saft og nybakt sjokoladekake. Søndag 19 januar.  Fosstemmen ligg ca 380 …

Takk for besøket

Laurdag 18 januar var det open dag på Jøsneset: På Mikals Laks var det «stinn brakke» i det vesle lokalet med ca 50 besøkande; der folk folk fekk smake på og kjøpe både røykelaks og Buhagen-produkt: eplesaft og lammeskinn.  Og på Foss var det open gard – der var det ca 60 som var innom – og der …

Dugnad på Bedehuset !

Kan du bli med på dugnad på bedehuset onsdag 22. januar kl 18.00 ?? Det skal rivast ned eit par vegger, og ryddast ut av det rommet det blir rive i.  Ta kontakt med Berit S Hjorteland dersom du kan vere med tlf 950 50 427

Jøsneset open 18-19 januar

I samband med prosjektet  Hjelmeland Naturlegvis – januar 2020 ønskjer Jøsnesbygda velkommen – program for lørdag 18 og søndag 19 jan ! 

VELKOMMEN PÅ TRENING !!

TORSDAGSTRENINGAR KL 19.30 i gymsalen held fram: styrketrening, kondisjonstrening og god uttøyning. Øvingane kan du tilpasse til ditt eige tempo og innsats. Her er ingen høg terksel og du må ikkje vere i god form før du kjem (men du risikrerer å bli det dersom du kjem jamnleg).  Det er sosialt og inspirerande å trene saman med andre.  Nye …

Avlusning Fosså veke 3

MOWI FOSSÅ melder at det blir avlusing frå og med måndag 13 – 2 netter –  til og med onsdag 15. januar

Årmøte Jøsneset Bedehus

Årsmøtet i Jøsneset Bedehus blir tysdag 18. februar kl 19.00 i Trivselstova.  Meir info kjem. Møtet blir avhalde saman med Bygdarådet sitt årsmøte

Velkommen til Jøsneset 18 og 19 januar

I samband med prosjektet  Hjelmeland Naturlegvis – januar 2020 ønskjer Jøsnesbygda velkommen helga 18-19 januar.   Laurdag den 18 blir det ope hus på Mikals Laks og open gard hjå Ingeborg og Sven Westersjø på Foss.  Det blir sal og presentasjon av dei gode lokale produkta røykelaks frå Mikals Laks og lammeskinn og eplesaft frå Buhagen. …

Nok eit prisdryss til Mikals Laks !

MIKALS LAKS gjekk av med seieren i kategorien ÅRETS SJØMAT FOREDLA for sin einerrøykte laks i kåringa til «Det Norske Måltid» på fredag kveld ! Me gratulerar alle på Mikals Laks !! Grunngjevinga frå juryen: «Produktet presenteres i en eksklusiv emballasje som er noe utypisk for denne typen produkt. Informasjonen om produktets historie og stedlige …

BLI MED PÅ SENIORTREFFEN !!

Seniortreffen Jøsneset er ein triveleg og sosial møteplass med middagsservering i Trivelstova.  I det siste har det vore 8 seniorar som har møttes kvar 14 dag vår og haust.  Nye brukarar er hjarteleg velkomne !  Middagen blir levert frå Hjelmeland, men sjølve «drifta» av kafèen ordnar brukarane sjølv på omgang; tildekking og opprydding mm.   Første …

ÅRSMØTE JØSNESET BYGDARÅD

TYSDAG 18. FEBRUAR KL 19.00SET AV DATOEN – MEIR INFO KJEM

BLI MED I BOKSIRKEL !!

Er du ei leseløve ? Eller har lyst å lese meir bøker og diskutere de med andre ?  Då er du velkommen i Jøsneset Boksirkel.  Me møtes første onsdagskveld i kvar mnd på gamleskulen og diskuterer bøker me har lest.  Sjangrar og forfattarar varierar stort – og det er ofte me har svært ulike oppfatningar …

Bokkveld i Jøsenfjorden

Jøsenfjorden Fritidsklubb inviterer alle til bokkveld på Fjordahuset i Jøsenfjorden 16.01.2020 kl 19.00.  Det er ei ny og svært lokal bok som blir presentert:«BESTEMOR OG BESTEFAR»  av Per Magne Gil.  Han fortel om og frå boka, og boka er òg til salgs denne kvelden. Enkel servering . Velkommen 

Årsmøte Jøsneset Helselag

Årsmøtet for Jøsneset Helselag blir mandag 16.mars kl 19.00 Trivselstova. Vanlege årsmøtesaker, litt knask, premiering turbøker og innlegg frå ein gjest. Meir info følgjer – set av dato.