Trim deg i form ! Bruk treningsrommet !


Treningsrommet i gymsalen har ein god del utstyr: tredemølle, romaskin, syklar, benkpress, vekter, matter, kettlebells, vektballar, foamroller.  Gymsalen og dette treningsrommet kan nyttast for alle !  Ta med musikk på mobilen, så kan den koplast til god høgtalar!  Då blir det gøy !!  meir info:

 «Inngangsbilett» er kr 300 pr ÅR.  Då får ein tilgang til nøkkel i ein nøkkelboks og kan gå å trene når ein sjølv vil. Nøkkelboksen er kode-basert, og koden er nyleg bytta! Om du har betalt, og ikkje fått ny kode: kontakt Silje 950 62 607.  Utstyret er kjøpt inn delvis av Jøsneset Bydaråd og delvis av Jøsneset Helselag,  m.a med midler frå  EXTRAEXPRESS-STIFTELSEN

Det er laga eit sett reglar for treningsrommet !   Det er viktig at alle følgjer instruksjonane ift nøkkelboksen – på den måten kan dette forbli fleksibelt !

Ellers minner me om TORSDAGSTRENINGA !! Den held fram kvar torsdag kl 19.30. Ope for alle – kondisjon, styrke, strekk ! Gratis !! Då nyttar ein òg trim-apparata. Silje er instruktør og dette er eit lågterskeltilbod: det er ikkje avansert  og du treng IKKJE vere i god form FØR du kjem på trening smile men blir det kanskje etterkvart ?  Velkommen til trim !

 


OG 
 

 

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.