RYFASTLØPET er verdas første og einaste undersjøiske halvmaraton – og blir gjennomført lørdag 5.oktober. Jøsnesbygda stiller òg til start, med heile 7 deltakarar :
Det viser seg at dette blir eit oppgjer mellom Skiftudalen og Nesvik. Skiftudalen stiller sterkt med flest antall deltakarar, kvinner og menn, unge og eldre. Men Nesvik seiler likevel opp som ein farleg favoritt med kun den eine deltakaren. For han sprang nyleg Oslo Marathon på svært god tid, og er ein dreven løpar. Så dette blir spanande !
Ellers stiller «halve Ryfylke» på startstreken, eit løp med tilsaman ca 7000 deltakarar frå inn-og utland. Det er mange frå Hjelmeland kommune, her kan du søke i deltakarlista.
Har du lyst å «vere med på løpet» uten å delta, ja då kan du følgje Stavanger Aftenblad si direktesending
Tittelfoto: StavangerAftenblad
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.