Hjelmeland Sparebank har vore raus, og har gitt 3 nye turkassar til turpostane på Jøsneset. Her er den nye postkassen på Høgafjell på plass . Der blir framleis òg den gamle hengande, ettersom turboka som høyrer til Øygarden hyttefelt er så stor at den kun får plass i den raude kassen.
Her er òg ny kasse på plass på Røssenibben – blei frakta opp ein varm dag i slutten på august. Her er det ingen trær eller pålar å feste kassen i, så den ligg innimellom store steinar, slik den gamle gjorde.
Den tredje nye kassen skal på plass på Valafjell.
Alle foto: Ellen Mari Fosså
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.