Super Smashing-lørdag

Med tidenes beste Smashing-værmelding var forventningane høge før lørdagskvelden; telt og bord var på plass, scenen var pynta, artistane klare og dugnadsfolk pilte rundt som flittige maur.

Med 230 gjester blei det fort høg stemning rundt langborda, og då 3 Busserulls entra scenen blei det både allsong og dans. Publikum sette tydeleg pris på Busserull-hitane som kom på løpande band..

Etter at 3 Busserulls hadde forlete Smashing-scena var det FYK frå Imsland sin tur. Ungdommane leverte to forrykande sett til stor jubel frå publikum på skuleplassen!

Folk kosa seg i den flotte sommarkvelden med god musikk og god mat og drikke. Som vanleg består Smashing-menyen av skikkeleg, heimelaga rettar. I år var det, og tradisjonen tru, grilling av marinert lam og laks i utresmør, heimelaga lakseburger og hamburger, med heimelaga potetsalat og salat som tilbehør.

Smashing Jøsneset er ikkje berre eit triveleg sommararrangement i Solbygda, det er ei viktig inntektskjelde som skal finansiera vedlikehald og drift av bygg og uteområde samt trivselstiltak for folk i bygda gjennom heile året.

Telta var ikkje tørre etter Smashing 2018 før komiteen var i gang med å planlegga årets konsert. Utallige timar har gått med til å booka artistar, skaffa sponsormidlar, ordna lyd, mat og drikke, vakter….. lista er laaang! Då er det godt å få fornøgde artistar og publikum og et økonomisk overskot som løn for strevet.

TUSEN TAKK til sponsorar, frivillige, artistar og publikum for ein SMASHING kveld!!


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.