…og me held fram med dugnaden og nyttar godværet – DET BLIR NY MALINGSØKT FREDAG 28. JUNI kl 17.00 igjen !! Nå er første strøket tatt i frontfasaden ned mot bygda – det var ein god gjeng på plass torsdag kveld. Og nå er det siste strøket som gjenstår ! Det trengs folk som kan stå …
På grunn av maledugnad og finvær blir det ikkje trim i gymsalen i dag, torsdag 27/6. Ta i staden på deg arbeidsklede og still opp på dugnad kl 17!
Godvær er godt malevær må nyttast !! Difor fortsett maledugnaden TORSDAG kl 17.00 og utover ! Det var ein god gjeng på plass onsdagskveld i kveldssola. Så og seie alt mot aust, nord og vest er ferdig ! Men det gjenstår ein god del i fasaden mot vegen. Ein god del av vindauga i 1.etasje er …
Den planlagde maledugnaden mandag måtte utgå pga REGN !! Ikkje enkelt å få det til i slikt skfitande vær. Værmeldinga er for øvrig god til onsdag – Me prøver igjen !! Onsdag 26.juni kl 17.00 !! eller når det måtte passe for den enkelte – gi bare beskjed til Unni 403 94 743
MALING AV GAMLESKULEN HELD FRAM !! DEN SKAL BLI KVIT OG VAKKER IGJEN ! DÅ TRENGS INNSATS FRÅ ALLE !Bli med mandag 24juni kl 17.00 og utover kveld. Har du lang stige med krok så er det fint. Treng nå folk som kan male frå stige ! I front er det stilas.
Arbeidet går framover! Folk har vore å jobba på bygget både lørdag, søndag, mandag og nå i kveld tysdag var det 8 stk på plass på fellesdugnad i +/- 3 timar. Mesteparten på framsida blei skrapt, og det blei malt vidare på baksida. Det er framleis mykje arbeid som gjenstår. Det blir NY FELLESDUGNAD på TORSDAG 20.JUNI kl 17.00 …
Ny felles skrape-og maledugnad: TYSDAG KVELD 18.juni frå klokka 18.00 og utover kvelden. Ta med skrape og/eller stige viss de har! Ellers er det stilas og alt maleutstyr på plassen. Dersom tidspunktet ikkje passar; gi gjerne beskjed til Unni i Bygdarådet 403 94 743. Det er ein relativt stor jobb som skal gjerast, så alle …
Bygdarådet ønskjer alle velkommen – og her kan du lese meir jonsokfeiringa
Gamle skulebygget med Trivselstove-tilbygget skal skrapast og malast. Første dugnadsøkt er allerede lørdag 15.juni kl 10.00. Har du sjanse å komme då, så flott ! Ta gjerne med skrape. Det er sett opp stilas på nedsida og ellers er det alt utstyr som trengs Som alle veit er det nå bygdefolket som skal drifte skulebygga, …
Det var ikkje bare Hardhausar som forflytta seg frå nut til nut på 1.pinsedag. Også dei stilige sokkane fekk seg ein forflytting – med god hjelp av, ja, nettopp ein Hardhaus kom de seg avgårde frå Norda Høgaste til kassen ved denne varden. Ser du kor det er ? Ja, då kan du gå opp å …
Juryen i Jøsneset Helselag har jobba på sprengog her er vinnar av årets HARDHAUS-SELFIE : Ronja (12) på toppen av Valafjell. Ronja gjekk i lag med far (som våga å stikka mobilen ut av lommen å få iskalde hender for å ta dette bildet), og her på toppen møtte de Therese Svihus, som blei med på …
Mange kalde og klissvåte deltakarar på Hardhausen 1.pinsedag 2019. Her er to av våre ivrigaste deltakarar: Sylvia Frafjord og Anbjørn Vaage frå Erfjord. Dei deltok i år for 10.gong, og mottok 10-års-krusa ! Fleire «veteranar» i arrangementet: Jostein Hjorteland deltok òg for 10.gong, og fekk 10-års-krus. Her saman med døtrene Anne (7.gong) og Lene (som …
HARDHAUSEN 2019 går inn i historia som eitt av dei desidert suraste av dei 11 fullførte arrangementa ! 1.pinsedag 2019 var ei samanhengjande laaang regnbyge med skodd frå begynnelse til slutt og vind på toppane….ja rett og slett et sorgens vær! MEN: dette stoppa ikkje våre 37 fantastiske deltakarar !! Heile 17 stk fullførte Hardhausen …
Vel er værmeldinga grå og litt våt ! Men me er overbevist : også årets deltakarar er smilande og glade for det !! Me oppfordrar alle årets deltakarar til å sende oss foto frå vandringa – gjerne ein selfie frå ein av nutane ! Gjeld alle uansett kor langt de går ! Den friskaste, sprøaste, løgnaste …
– For 11. gong har me gleda av å ønskje velkommen til Hardhausen – ei vandring frå topp til topp på Jøsneset. Alt er klar, bortsett frå værmeldinga: det meldes regn og 12 grader, så ha på gode klær, gode sko og mat og drikke i sekken. Me lovar fyr på bålet og varm kaffe …
Onsdag 5. juni er siste opningsdag for biblioteket før sommaren. Opningstidene er 18:00-19:30. Lesesirkelen treffest i biblioteket 19:30, og er open for alle som liker å lesa!
Nøkkelen til gymbygget som skal ligga i nøkkelboks ved gymsalen er vekke. Bygdarådet håper det er ein ivrig trimmar som ikkje har hugsa å legga den tilbake etter trening! Dersom den er mista vil me også gjerne ha beskjed!