Månad: mai 2019

Smashing artistar på scenen

Laurdag var det duka for det første Smashing Jøsneset junior, og både etablerte og rykande ferske artistar entra scenen Dei knapt 50 store og små som trassa regnet fekk med seg sprø musikalske innfall frå Smell&Sprell, sang frå Bente og rykande ferske talent. God grillmat med heimelag lakseburger frå Odd og Ellen Mari sitt kjøkken freista …

HARDHAUSEN 2019

Det nærmar seg Hardhausen 2o19 – meir info om arrangementet

Alt klart for Smashing Jøsneset Junior

Sjølv om værmeldinga ser bra ut, har me telta klare på skuleplassen slik at alle kan sitja tørt uansett vær! Ta turen og få med deg «Smell&Sprell», unge lokale talent og Bente Tednes. Me har kjempegod grillmat,  god drikke samt kakre og brus. Velkommen!

Skarp konkurranse på PubQuiss-en

Lørdag 18.mai inviterte Bygdarådet til Pub-Quiss i gymsalen.  Ca 60 personar møtte opp til ein triveleg kveld. 8 lag stilte til skarp kunnskapstest – Elsa var Quiss-general, medan Ingeborg flittig holdt styr på poengtavla.  Det blei ganske jevn strid; sikkert fordi kunnskapsnivået er rimeleg høgt Delar av «Sentrums-laget», som til slutt (etter nokre ekstraspørsmål) gjekk …

Strålande 17.mai

Foto: Øyvind Oaland Med strålande sol og sommartemperatur blei det ein flott dag for dei over 80 personane som fekk med seg 17. maifeiringa i Solbygda I år gjekk toget frå bedehuset til skulen, altså ikkje nokon langtur! Fjordhest og vogn leda an, og hadde i år med ein snodig passasjer. Han dukka opp som …

Smashing Junior neste!

Så snart me har lagt nasjonaldag og pubquiz bak oss er det klart for nok ei festhelg på Jøsneset – laurdag 25. mai går Smashing Jøsneset junior av stabelen! Scenen er oppgradert og finvêret er bestilt, så det er bare å setta av dagen. Det er ikkje for seint å gripa sjansen til å stå på …

Skarpskyting 16. mai

Det har blitt ein tradisjon på Jøsneset med skytekonkurranse 16. mai. Her kjemper ein både om ære og om den gjeve skyttarpokalen! I tillegg til pokalstriden er det og høve til å få godkjend 15 av dei 30 obligatoriske prøveskota som er naudsynte for å ta skyteprøve til storviltjakt. Arrangementet går føre seg på «skytebanen» …

Alt klart for strålande 17.mai-feiring

Værmeldinga er flott og programmet er klart! Velkommen til tradisjonell feiring på Jøsneset skule!!

Husk påmelding PUB-QUIZ

Påmelding til Unni 403 94 743 – og her er heile PLAKATEN

Lokale stadnamn over Nesvikheia på plass

Denne gjengen var på flott merketur over Nesvikheia ein finfin kveld denne veka; turen gjekk frå Trodlaskar i nord til Øspelundalen i sør, og 9 lokale stadnamnskilt blei hengt opp, kratt blei rydda og vakre utsiktspunkt opna opp. Frå høgre: Marit, Berit, Rasin, Kåre, Svanhild og Kåre + Unni var med på turen. Turen starta frå …

Nybeisa gymbygg !

Nok ein gong har det vore beisedugnad på gymbygget. Nå er det den nybygde øvre delen i front og på sidene som er blitt beisa to strøk. Bygdarådet takkar dei som var med: Jonas H Gbada, Jasin H Gbada, Lars Bog, Øyvind Oaland, Odd Fosså, Johan Fosså og Johan Langvik + Jostein Hjorteland som skaffa liften. Det var …

Opent bibliotek og lesesirkel

Første onsdag i månaden er biblioteket opent frå klokka 18:00 til 19:30. Ta turen dersom du ikkje har vore innom – lån deg ei bok, ein film eller ei lydbok, eller berre ta ein kaffikopp! Lesesirkelen treffest klokka 19:30, og gamle deltakarar er velkomne      

STRANDRYDDING MANDAG 6. MAI

 MOWI  avd Fosså melder at dei skal ha med seg elevar frå Strand vidaregåande skule ut for å rydde på strender på Jøsneset mandag 6.mai

Kjekk dag på oppdrettet på Fosså

Ca 30 personer var med åpen dag på Mowi sitt anlegg på Fosså lørdag 4.mai. De tilsette tok gjengen med på  ein kjekk og lærerik omvisning på anlegget og merdene. De serverte nydeleg fiskesuppe med tilbehør ute på Skiftun kai i etterkant. Bygdarådet takkar for eit bra initiativ og ein kjekk dag.  Rognkjeks blir brukt …

Velkommen på PubQuiz

Jøsneset Bygdaråd inviterer både til pub og quizz – her finn du PLAKATEN – husk påmelding !

Seniorar på tur til Åkrafjorden

1.mai var Seniortreffen på Jøsneset på tur ilag med fleire andre frå kommunen. Turen gjekk til Åkrafjorden, med besøk både på Åkratunet, på båt på Åkrafjorden, traktorsafari og besøk på Eikemogarden i Etne.  Det var ein fin gruppe frå Jøsneset med, og det blei ein veldig koselig tur !  Turen blei sponsa av Jøsneset Helselag, og Berit T …

Stilige sokkar vandrar igjen

Dei stilige sokkane som dukka opp på Håvehammar for ein månad sidan har vandra frå turpost til turpost. Før påske tok de turen til Gunlanuten, og I påsken tok de turen ned att derfra til…… ….Høgafjell. Der låg de nokre dagar før de vandra vidare opp til Brynå. Nå har de tatt turen derfra òg, og …