Stilig sokk på vandring

Påsken 2019 går inn i historia som tidenes turpåske ! Også dei stilige sokkane har vore og er på vandring. Faktisk frå den høgaste og lengst austlegaste turpost (Gunlanuten) til ein av dei lågaste,  og i alle fall den vestligaste turpost: nemlig Høgafjell i Knutsvik.  Det er ein liten mistanke om at de har kost seg litt på hyttetur i Øygarden òg mellom høgdeopphaldet på Gunlanuten til de havna i kassen på Høgafjell. Men i alle fall – der fant ein ny turgåar sokkane, som nå altså har vore innom Håvehammar, Gunlanuten, Høgafjell. Derfra blei tatt med vidare til neste turpost – på direkten same dag, 2.påskedag.  Så nå ligg sokkane……….

……. i den fjerde turpostkassen på si ferd.  Det er hemmeleg kor den er, men kan røpe at den turposten er under tregrensa. Då er det opp til neste «stafett-deltakar» å bringe de vidare til ein av dei andre postane !

Kjem sokkane seg opp på nutane igjen mon ?

Her er dei stilige sokkane på den fine utsiktsplassen på Høgafjell i Knutsvik – Men nå er de ikkje der lengre  – de ligg å ventar i ein annan turpostkasse nå !

Her les du meir om STILIGE-SOKKAR-STAFETTEN

 

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.