VINNARANE I TURBØKENE

Jøsneset Helselag hadde trekning i turbøkene på årsmøtet 1.april.  Ingen tvil: 2018 var eit fantastisk turår, og turpostane på Jøsneset hadde tilsaman 4782 besøkande smile på dei 10 turpostane. På tre av turpostane er det eigne barnebøker, så då blei det trekning av eit gavekort på ENKEL-butikken i 13 turbøker.

NAVNET PÅ VINNARANE ER LISTA OPP ETTER ANTALL BESØK PÅ DEN ENKELTE TURPOST :


PS: dei fleste vinnarane har mottatt gåvekort, medan andre er undervegs med det første.

Håvehammar gjekk altså igjen av med seieren for mest besøk, med heile 1084 besøk, tett etterfulgt av Nesdalsfjellet med 856 besøk. Gunlanuten som jo er «majesten» på Jøsneset scora høgare enn vanleg i 2018. Årsaken kan jo vere at Nuten var kodejaktpost, og at Nuten hadde rekordbesøk under Hardhausen, då var heile 153 stk oppom på Gunlanuten på same dag !!

Nye bøker blei lagt ut i turpostkassane rundt nyttår, og ettersom det på årsmøtet i Jøsneset Helselag blei vedtatt at Helselaget sine turpostkassar skal bestå, vil det òg bli trekning i bøkene på neste årsmøte i 2020.
Inntil vidare er det bare å gå ut i den flotte naturen vår, besøke turpostane og nyte utsiktane !

 

PS: HØGAFJELL I KNUTSVIK hadde minst besøk av turpostane i 2018. MEN: i 2019 blir HØGAFJELL KODEJAKTPOST – så me tippar at statistikken snur.

 

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.