Snart slutt på internett frå Telenor – gje beskjed dersom dette gjeld deg!

Telenor vil ikkje lenger levera fasttelefon og internett via det såkalla koparnettet, og det betyr at ei rekkje husstandar, også på Jøsneset, frå neste år må finna andre løysingar for å få internettilgong.

Hjelmeland er ein av kommunane der stenginga av koparnettet skal skje allereie i 2019. Telenor pliktar å tilby alle innbyggjarar fasttelefon, men dei har ikkje plikt til skaffa breiband til alle husstandar. Dersom DU er ein av dei som dette gjeld, som ikkje har t.d. tilbod om fibernett frå LYSE, ber Bygdarådet om at du seier i frå!!

Gje beskjed til leiar i Bygdarådet, Unni Fossaa, på tlf 403 94 743, helst innan onsdag 20.03.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.