I det tidligare lagerrommet ved gymsalen er det no blitt treningsrom! Bygdarådet har finansiert innkjøp av tredemølle, romaskin, knebøystativ og utstyr til benkpress.
I tillegg er det matter, trenigsstrikker og kettlebells som kan nyttast. Seinare på våren vil Helselaget søka om pengar til m.a. treningssyklar og ellipsemaskin.
Utstyret kan nyttast av ALLE mot ei lita årleg avgift på kr 300,-. Ein får då tilgang til nøkkelboks og kan låsa seg inn nåre det passer! For dei som ønsker å låsa seg inn for ei enkelt trening er avgifta kr 50,- . Info og regler finn du her
Torsdagstrimmen er framleis gratis for alle!!
Vil du bli med eller lurer på noko kan du kontakta Svanhild tlf 970 07 636 eller Silje tlf 950 62 607
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.