Godt nyttår frå Høgafjell

Årets aller siste dag blei litt gråare og våtare enn den nest-siste.  Fleire turbøker er bytta ut.  Både Gunlanuten og Høgafjell stod for tur i dag:

På GUNLANUTEN har det vore rekordbesøk i år ! Aldri tidlegare har det vel vore så mange som 597 besøkande ! Dette er jo toppen på Jøsneset, og blir rekna som ein tung/lang tur om ein går heilt frå Foss eller Åsland. Gunlanuten var i sommar kodejaktpost, og det, kombinert med Hardhausen og det flotte sommarværet, er nok årsaken til det store besøkstalet. Boka blei bytta ut i ruskevær og vind, og ein kunne konstatere at stadnamnskiltet på toppen har løsna frå stolpen sin. Men skiltet ligg i varden, og kan monterast igjen ;.)

Også HØGAFJELL i Knutsvik har vore turpost igjen i år. Her har det vore 136 besøkande + ein del som kanskje kun har skrive seg i «hytteboka» (ei permanent  besøksbok som Øygarden hyttefelt har i postkassen her). Uansett: hyttefolket er dei desidert flinkaste til å besøke Høgafjell, men ein del fastbuande har òg funne vegen ila året. Dette er ein utruleg vakker turpost, med nydeleg utsikt vestover Nedstrandsfjorden. Den siste dagen i 2018 låg skyene lågt, og sikten var begrensa. Men likevel ein finfin tur, så om du ikkje har vore her, bør det vere målet for 2019 !!

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.