Vel, det er jo sjelden me er TUSEN når noko skjer her på Jøsneset, og heller var det vel ikkje TUSEN julelys som blei tent. Men denne gongen var me i alle fall godt over 30 store og små som samlast til fakkeltog, juletretenning, sang/gang rundt treet, underhaldning på utescenen og grøt og gløgg i Trivselestova. …
Bygdarådet hadde oppmoda folk: still med et sceneinnslag på juletre-arrangementet 1.des!! 5 jenter tok utfordringa – og dei kjørte på med heile 3 dansenummer og 2 sangar. I august var det Hanne Sørvaag som stod på scenen. Denne gongen var det våre heilt lokale stjerner. Jøsnesjentene hadde sjølv korografien på dansane de viste fram. Og ikkje …