Onsdag denne veka var 4 stk samla i gamle sløydsalen, og produserte fleire lokale stadnamnskilt. Denne kvelden var det Nesvikheia som «fekk gjennomgå», og etterkvart vil skilta bli satt ut i terrenget langsmed den merka løypa som går over heia der. Det blir NY SKILTMAKARKVELD neste veke ONSDAG 14. NOVEMBER kl 19.00 – så velkommen til alle som har lyst å bli med å lage skilt……..kanskje det vankar kaffe og boller òg den kvelden
Rasin er i ferd med å lage skiltet MUSKERÅSEN, ein finfin plass som ligg på høgda mellom Foss og Nesvik.
Kåre er i ferd med å legge siste finpuss på skiltet til LEGDENE. Legdene ligg òg på Nesvikheia, men på sørsida ut mot Jøsenfjorden.
Bokstavane til stadnamnet må puslast saman i ei skinne og monterast på planken som skal bli til skiltet. Så er det å setje igong med å frese ut. Bygdarådet har to fresarar, og her er både Odd og Rasin i sving med nye skilt.
Ingeborg malar fresespora med knallgul farge, så namna blir godt synlege i terrenget.
Her er Nesvikheia – nærare bestemt LÅVEN. Namneskiltet er ferdig og klart for utplassering. LÅVEN er eit relativt flatt ope berg med flott utsikt ut over bygda og fjorden. Det seiest at staden òg blei brukt til dans i gamle dagar. Nå planlegges det ein felles skiltmonteringstur langs ruta når skilta skal setjast ut. Og i tillegg : Hjelmeland Turlag skal ha fellestur Nesvikheia rundt med Rasin som kjentmann til neste haust !
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.