Månad: november 2018

SKILTKVELD onsdag 5. desember

Denne veka var det god gang i skiltmakarverkstaden !! Gjengen var så ivrig, at det blir ny skiltmakingkveld ONSDAG 5. DES kl 19.30 i sløydsalen. Alle er velkomne. Det er veldig kjekt at desse namna lever vidare, og ikkje minst å sjå de ferdig montert ute i terrenget etterkvart. Dei skilta som er laga i …

Ny skiltkveld i sløydsalen

Me prøver igjen: NY KVELD FOR SKILTMAKING BLIR ONSDAG 28.NOVEMBER kl 19. 30 SLØYDSALEN !!

Scenen er din !! 1.desember

Bygdarådet minner om julegrantenninga 1 . desember, kombinert med opning av utescenen.  Og på dette arrangementet står sjølvsagt scenen til DIN disposisjon: alle som har lyst å bidra med eit sprelskt, rørande, høgtideleg, smågalt, morsomt, amatørmessig, historisk innslag får meir enn gjerne lov til det då !  Du kan jo lese, synge, danse, gjøgle, trylle, sjonglere, …

Trimmen flytta til onsdag

Det har blitt lite trening i gymsalen dei siste vekene, og denne veka prøver me onsdag 19:30 i staden! Velkommen til alle

Bli med på meir skiltmaking !

Onsdag denne veka var 4 stk samla i gamle sløydsalen, og produserte fleire lokale stadnamnskilt.  Denne kvelden var det Nesvikheia som «fekk gjennomgå», og etterkvart vil skilta bli satt ut i terrenget langsmed den merka løypa som går over heia der.  Det blir NY SKILTMAKARKVELD neste veke ONSDAG 14. NOVEMBER kl 19.00 – så velkommen …

Referat frå folkemøtet om ferjeplanane.

Bygdarådet har mottatt referat frå folkemøtet som var 1. nov. Bygdarådet vil sende uttale. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer å gi innspel via Bygdarådet, sjå artikkel under

Bokkveld – onsdag

Me minner om OPE LOKALT JØSNESBIBLIOTEK i det gamle skulebygget kvar første onsdag i mnd frå kl 18.00 til 19.30.  Det er altå ope onsdag 7. november !! Her er det ei god samling med bøker, lydbøker, blad, filmar og spel som kan lånast. Kom gjerne innom på ein kaffekopp, ein bokprat eller kanskje spele eit brettspel.   Same kvelden …

Synspunkt på ferjekai-planane?

Planar om ny  ferjekai i NesvikBygdarådet vil sende innspel til planane vedrørande dette. Ut frå orienteringsmøtet på torsdag, kjem vi til å konsentrere innspelet om kiosk, sikkerhet, parkering og litt om molo. Er det nokon i bygda som har kommentarar til dette eller nye innspel, må dei ta kontakt med Rasin på e-post i-tjeltv@online.no eller …