Månad: oktober 2018

Ope folkemøte om Nesvik-planen – torsdag 1.nov 19.30

Meir info på nettsida til Hjelmeland kommune. Det er for tida to ulike forslag ute til høyring: Høyringsutkastet til Hjelmeland kommuneHøyringsutkastet til Statens Vegvesen

Set av dato til julegrantenning og sceneopning

  Laurdag 1. desember blir det både tenning av juletregrana ved brannstasjonen + opning av utescenen.  Då utfordrar me store og små til å stille opp med underhaldningsinnslag på scenen !  Det blir ellers slag av graut og sosial kos.Meir info kjem når det nærmar seg. Viktig nå er å setje av datoen og øve …

Bli med å lage lokale namneskilt

Det er veldig koselig å møte på lokale stadnamn når ein er ute på tur. La oss lage enda fleire skilt, slik at dei lokale stadnamna ikkje går i gløymeboka.Bli med i sløydsalen på skulen onsdag 7. novemeber kl 19.00. Kanskje du har lyst å lage skilt med namn på din gard ?… din favorittplass ?.. eller …

Kafè med inntekt til TV-aksjonen

Bøssebærarane går rundt i bygda frå kl 15.00, men alle samlast i Trivselstova kl 16.00Her er plakaten Norge er eit land der forskjellane aukar. Pengane frå årets TV-aksjon går til Kirkens Bymisjon. Kirkens Bymisjon har valt aksjonsnamnet «Mindre alene sammen» for TV-aksjonen i NRK i 2018. Mottoet er «Et møtested kan endre liv. Fleire møter …

Saker til Bygdarådet?

Bygdarådet skal ha styremøte tysdag 16.oktober.  Dersom det er nokon som har saker de ønskjer  Bygdarådet skal ta opp, så kan de ta kontakt eller sende ein sms til Unni Fosssaa før 15.okt – tlf 403 94 743

Koden på Gunlanuten er tatt ned – men turboka består !!

Koden på Gunlanuten er nå tatt ned, og årets Kodejakt er over.  Alle som har sendt inn kodejaktskjema er med i trekning på fine premiar. Premieringa vil skje onsdag 10 okt kl 19.00 på eit arrangement på Sanitas i Årdal.  Og det er sjølvaste «turkongen» LARS MONSEN som delar ut premiane. Så møt opp! Ellers …

Flott frukthaust på Jøsneset

Sola og varmen i sommar  «bar frukter» bokstaveleg talt.  Det blei ein flott fruktsesong og det bugna av store flotte søte eple !!  Rasin TJELTVEIT er ein av fruktbøndene som rett nok har hatt ein svært våt haust, men likevel fått rekordstore mengdar frukt ned frå trærene og ut i store kassar ! Og slik ser ein …

Hjelmelands mest humoristiske bygd ??

Nok ein gong utfordrar Hjelmeland Teaterlag alle bygdene i Hjelmeland !! Kven blir kåra som Hjelmelands mest humoristiske bygd??  Med dette er òg Jøsnesbygda utfordra og invitert !!! Årets Humorbattle skjer på Samfunnshuset på Hjelmeland 24 november.  Teaterlaget skriv:  Bygdene i Hjelmeland utfordres til å stille med et humoristisk innslag på opp til 15 minutter. …

Velkommen inn i bokhausten !

Me minner om OPE LOKALT JØSNESBIBLIOTEK i det gamle skulebygget kvar første onsdag i mnd frå kl 18.00 til 19.30.  Det er altå ope i kveld !! Her er det ei god samling med bøker, lydbøker, blad, filmar og spel som kan lånast. Rommet her kome til etter initiativ frå Bygdarådet.  Der er det varmt og koseleg, og Marit Wyller …