Månad: september 2018

Kjekk gardsdag med værkåring og gjetarhundar

Laurdag arrangerte Hjelmeland Sau og Geit i samarbeid med Rogaland Gjetarhundlag open familiedag på Foss på Jøsneset.   Hovudtema for dagen var værlamkåring og gjetarhundprøvar.  Her er dei tre beste i gjetarhundprøven: Vinnar Per Hetland frå Bjerkreim med hunden Luke med 89 poeng. Kristiane Westersjø, Jøsneset og hunden Laika fekk 84 poeng.  På 3.plass Stian …

Trimmen avlyst

Trimmen blir avlyst i dag pga sjukdom

Kom og sjå flotte værar og flinke gjetarhundar

Foto: Norsk sau og geit Hjelmeland Sau og Geit i samarbeid med Rogaland Gjeterhundlag inviterar til ope arrangement/familiedag på FOSS på Jøsneset laurdag 29. sept kl 10.00 – 16.00.  Det blir ein variert, spanande, sosial og lærerik dag med sau i fokus : Værkåringsjå  – dette er ein tradisjonsrik konkurranse, og denne dagen blir det premiering av Hjelmelands …

Støtt demensaksjonen! Bøsseinnsamling onsd 19 sept

ONSDAG 19 OKTOBER FRÅ KL 18.00 GÅR JØSNESET HELSELAG RUNDT MED BØSSER MED INNSAMLING TIL DEMENSAKSJONEN.Les meir om aksjonen og om demens og alzheimer her – støtt det viktige forskningsarbeidet !! Du kan òg støtte aksjonen direkte på nett HER, eller via bøsse som står på Nauste på Nesvik heile dagen !

Torsdagstrim avlyst

Det blir dessverre ikkje trening i gymsalen i kveld, men torsdag i neste veke er me på plass kl 19:30!

Velkommen til lese- og spelestova

I eit av klasseromma på skulen er det innreda ei koseleg stove med bøker, filmar, lydbøker og spel. Dersom du vil låne bøker, blad, film eller lydbok er du hjarteleg velkommen! Det går og an å treffast for å spela spel eller ta ein kaffikopp medan du tek ein lesepause i sofaen     Det er …

UTVIDA PÅMELDINGSFRIST TIL JULEBORDSHOWET !!

Det er framleis ledige biletettar til julebordshowet på Sola 7.desember, og Bygdarådet utvidar nå påmeldingsfristen til UT SEPTEMBER !! Bygdarådet inviterar til ein hyggelig, sosial og dugnadsfri kveld – som gjerne kan kombinerast med julehandel i Stavanger. Bli med på julebordshow på Quality Airport Hotel Sola – fredag 7 desember.  Bygdarådet har reservert plasser – …