Ny turbok ER på plass på Gunlanuten

Turboka på Gunlanuten blei utskreven tidleg denne veka, dvs over 500 personar har vore der ila 2018.  Dette medførte at NY bok måtte opp.  Regnbygene stod i kø denne veka.  Men dette til trass: sprekingen Lene Kaldheim lot regn vere regn, og tok turen opp på lørdag — SÅ NÅ ER NY TURBOK på plasssmile Det er allereie blitt ny besøksrekord på Gunlanuten dette året. Spørsmålet er nå bare – kor langt ut i bok nr 2 kjem me ??
Me er i alle fall på god veg til å doble talet frå 2017, som var 299 besøkande.  Ta turen : Turskildring Gunlanuten finn du HER


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.