Månad: juli 2018

OPE MØTE OM OPPDRETTSANLEGG FOSSÅ

Marine Harvest arbeider nå med endringar og utvidingar av oppdrettsanlegget i fjorden like utanfor Fosså.  I samband med desse endringane har Jøsneset Bygdaråd invitert Marine Harvest til å kome å informere om dette.  Det blir då eit OPE MØTE I TRIVSELSTOVA ONSDAG 8. AUGUST kl 19.00. ALLE VELKOMNE !!

Hjelp oss å rigga til Smashing Jøsneset

Det nærmer seg raskt Smashing Jøsneset 4. august, og ein ny flott scene er under bygging. Det er mykje som skal vera klart til den store dagen, og me inviterer difor til dugnad på skuleplassen torsdag 2. august. Ta kontakt med Odd Fosså på tlf 977 05 273 dersom du har anledning!

Sankefestival og Smashing Jøsneset

Mange gode grunnar til å kome og bli i Hjelmeland helga 4-5 august.  I Hjelmelandsvågen blir det Sankefestival både lørdag og søndag. Og på lørdag kveld blir det god gang på Jøsneset med Hanne Sørvaag og The Kvednabekkjers !  KOM – KOM – KOM !