Ingen påske på Jøsneset utan den tradisjonelle bedehusbasaren – og i år var det igjen fullt hus og god stemning. Salg av lodd gjekk unna, og kjekt var det, for dette er ei av dei viktigste inntektskildene for å drifte Jøsneset Bedehus.
Andakt høyrer til på bedehusbasaren. I år var det Anne Kari Øygard Dale som snakka, og ho hadde med seg barna sine Gunnhild og Ola Sigurd som spelte dokketeater med dokkene Jonas og Julie.
Tett og god stemning i matsalen. Veldig kjekt at så mange hyttefolk og ferierande påskegjester finn vegen til påskebasaren . Og mange fine gevinstar blei spredt ut over bygda. Takk til alle som bidrog.
Foto: Ellen Mari Fosså
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.