Turstifadder for Brynå, Ellen Mari Fosså, har vore i aksjon på stien «sin» – Det gamle skiltet var ramla ned og låg halvveis begravd under kvist og kvast, og var ødelagd. Nå er det laga nytt skilt og ruta er friska opp mellom Austad og Brynå. Og det rette stadnamnskiltet er kome på plass ved turpostkassen. Og her i låglandet er det snøfritt, så turen passer godt for ein liten påsketur !!
Turen til Brynå er 1 god km frå Austad og litt kortare om du går tilbake til Asheim – då kan du kombinere det med tur på Åslandsvegen. Turen er lettlig og fin, med kjempefin utsikt ned i Knutsvik og utover Nedstrandsfjorden. God Tur !!
Foto: Ellen Mari Fosså
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.