Populær påskekafè


På den internasjonale vaffeldagen – palmesøndag – inviterte Bygdarådet til kafè i Trivselstova, kombinert med opning av bibliotek på gamleskulen.   Tiltaket var populært, og det strøymde på med folk – ein fin blanding av fastbuande og ferierande påsketuristar – og mange barn og vaksne.  Over 60 stk var innom kafeen – og Bygdarådet var rause og delte ut gratis vafler, kaffe, te og saft.

MMMMMMM – vafler smaker godt ! God drøs inne i Trivselstova, og masse leik og moro ute – og mange besøkande på biblioteket.

Tida blei òg nytta til å diskutere stadnamnkarta, som hang på veggene i Trivselstova.  Rasin (tidlegare rektor på Jøsneset skule) kom på at det låg nokre gamle skuleoppgåver på loftet på gamleskulen, så han gjekk og henta dei – Og jammen sann; der dukka det opp rundt 20 «nye» stadnamn som me ikkje har frå før – så nå blir dei òg kartfesta

TAKK til Bygdarådet for finfint initiativ – koselig å treffast på uformell kafè !!

 

 

Foto: Sven Westersjø

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.