Turen til Høgafjell 225 moh i Knutsvik blir belønna med ein kjempeflott utsikt vestover mot Bandåsen og Nedstrandsfjorden. Frå postkassane i Knutsvik kan du gå ei rundløype på ca 5,5 km, dels hytteveg, dels skogsveg og dels skogsti. På Høgafjell er det turpostkasse – og nå har òg Jøsneseset Helselag turbok her, i tillegg til …
På den internasjonale vaffeldagen – palmesøndag – inviterte Bygdarådet til kafè i Trivselstova, kombinert med opning av bibliotek på gamleskulen. Tiltaket var populært, og det strøymde på med folk – ein fin blanding av fastbuande og ferierande påsketuristar – og mange barn og vaksne. Over 60 stk var innom kafeen – og Bygdarådet var rause …