Denne veka var det ei lita samling om turstiane i bygda. Fleire hadde meldt inn på førehand at de ville ta ansvar for «sin» tursti – og fleire meldte seg ila møtet – så jippi – me har turfadrar til alle stiane på turstikartet – og litt til. Jobben er ikkje så veldig anstrengande, for flesteparten av traseane er ganske godt merka: men her handlar det om å passe på «sin» sti, ……
…og sørge for at den er godt merka og skilta. Når fordelinga er så bra, så er det lite arbeid på kvar enkelt – men det blir jo 1 eller 2 turar ut i frisk luft og vakker natur ila året, gjerne med eit malingspann og eller ei ryddesaks. Helselaget kjøper inn maling og kost – så når terrenget er snøfritt og klart, er det bare å gi beskjed til Svanhild på 97007636, så får de maling.
Me vil òg prøve å få produsert infotavler til å setje opp I Nesvik, på Foss. på Åsland og i Bastlid – altså ved utgangspunkta for turane. Dette håpar me å få på plass ila våren.
I Knutsvik er det òg meir merka stiar enn det som framgå av turstikartet. Ruta frå Knutsvik «sentrum» og opp til Høgafjell er merka, og det er nå lagt ut turbok i kassen på Høgafjelll (i tillegg til hyttefolket si bok) – turen går vidare ned i hyttefeltet i Øygarden, så dette er finfin rundtur. Meir info om ruta kjem
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.