Me minner om årsmøtet i Helselaget onsdag 28. februar kl 19.00 i Trivselstova. Det blir vanlege årsmøtesaker, trekning frå turbøkene, ein liten tippekonkurranse, basar og mat. Det blir òg eit innslag av og om HJELMELAND TURLAG sine aktivitetar . VELKOMMEN TIL ALLE
Bygdarådet melder nå at rådmann Wictor Juul ikkje kjem på årsmøtet som tidlegare annonsert.For innkalling og info for øvrig, sjå artikkel lengre ned
Her finn de ÅRSMELDING2017 JØSNESET BEDEHUS og ÅRSREKNESKAP201 JØSNESET BEDEHUS
Strålande vintervær og lengre dagar gir gode muligheiter for flotte ettermiddagsturar – som her over Nesvikheia denne veka . Her er det fin og godt merka løype mellom Nesvik og skogsvegen på Foss, så dette er ein yppereleg rundtur med flott utsikt over heile bygda og heile Ombofjorden. Om ein startar frå Nesvik, så kan …
Velkommen til alle i bygda til årsmøtet. Her finn du INNKALLING MED SAKLISTE , ÅRSMELDING2017 og SKRIV FRÅ BEDEHUSTYRET
Jøsneset Bygdaråd har følgjande melding: Dessverre har vi hatt besøk av «ubudne» gjester på skulen. Det er putta tynne trepinnar inn i dørlåsane inn til Trivselstova og gym.salen. Låsen til Trivselstova har ein nå greidd å fikse, men den inn til gym.salen er øydelagt. Den må kjøpast ny, noko som vil koste opp mot 2000 …
Det nærmar seg årsmøtetid. Jøsneset Helselag treng nå to nye styremedlem. Dei siste åra har det vore relativt utfordrande å rekruttere nye. Har du lyst å bidra til til frivillig folkehelsearbeid og kjekke bidrag for bygda? Ja, då er det veldig bra, for då kan du bli med å vidarføre drifta av dette tradisjonsrike, frivillige laget – Ta …
Nye, fine behaldarar for restavfall og hageavfall er på plass ved gravplassen – og desse ser solide ut, så la oss håpe at ikkje vinden fyk avgårde med de nå 😉 Foto: Ellen Mari Fosså
Som siste av 9 turpostar, er òg turboka på Røssenibben nå bytta ut med ny 2018-bok. Det betyr at alle turbøkene 2017 klar for premiering på Jøsneset Helselag sitt årsmøte den 28.februar. Det er flotte snøforhold i heia nå – og vel verdt å ta turen på ski til Røssenibben, sjølv om det er litt bratt …
Årsmøtet for Bygdarådet blir måndag 5. mars. Eventuelle saker som nokon ønskjer skal bli tatt opp, må leverast Unni Fossaa eller Rasin Tjeltveit innan 09.02.18. Sakliste blir offentleggjort etter dette.