Julestemning i Fossmarka


Etter ei veke med særs mykje regn, storm og uvær, gjorde det godt med glimt av blå himmel og snø på trærne. På Jøsneset må ein litt opp i høgda for å få slik stemning, men heller ikkje lengre enn innover mot Fosstemmen – Her ligg det kvitt, og det går an å gå på ski på vegen. Mange tok turen innover denne lørdagen


Det var mange som nytta lørdagen til å få frisk luft og trimme litt oppover bakken – Også desse tre jentene med kvar sin hest tok turen til Fosstemmen ! Godt lag for både firbeinte og tobeint i det snødekte landskapet.


Kvitt var det alt frå Foss. Her ved krysset inn mot Jiskelid.


Grødem – på veg innover Fossmarka. Ikkje mykje snø her, men auka på innover.

Populært turmål på Jøsneset – i snø og regn og sol og mørke – det er ofte folk finn vegen hit til postkassen. 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.