Månad: oktober 2017

Frå Skiftuvika til Singapore

  Buhagen melder på si facebookside at Buhagen Eplemost frå vesle Skiftun nå snart er å få kjøpe på den store matmarknaden i Singapore !  To pallar med heilt nypressa friske hausteple frå Skiftudalen er nå på veg til SørøstAsia  – og til Snorre Food og FISK Seafoodbar and Marked.   Snorre Food er storeksportør av mat frå Norge – primært …

Damekveld 25.Oktober

ONSDAG 25.Oktober DAMEKVELD I TRIVSELSTOVA KL 19:30. Kom og ta ein kopp kaffi i godt selskap. Med eller uten strikketøy, så får me ein kjekk kveld saman. . Vel møtt Helsing Styret

TAKK for alle bidrag til TV-aksjonen

Takk alle saman for gode, rause pengegåver til TV-Aksjonen UNICEF . Kun via bøssene og vipps kom det inn 98 712 kr  – og av det kom over 17 000 frå Jøsneset. Ganske stort bidrag frå så lita bygd !! Så takk frå bøssebærarane frå Jøsneset Helselag, som meldte at det var ei glede å gå frå hus …

Saker til Bygdarådet

I forkant av møtet om ferjekaien mandag 23. oktober har Bygdarådet styremøte. Har du saker du vil at Bygdarådet skal ta opp eller jobba med? Send dei ein e-post til bygdaradet@josneset.no eller kontakt leiar Unni Fossaa på tlf 40394743

Badevaktkurs 19.okt – Hjelmeland symjebasseng

Røde Kors Hjelmeland arrangerer badevaktkurs i Hjelmeland symjebasseng på Ungdomskulen torsdag 19.oktober kl 18.45. Det trengs godkjente badevakter til helsebading og familiebadinga som nå startar opp. Kurset varer 1,5 time og varer berre ein gong, Då er ein godkjent som badevakt fram til neste haust. Det er mangel på badevakter, så det er veldig fint viss …

TV-AKSJONSKAFÈ OG EPLEDAG

Glede og nytte går ofte hand i hand. Bli med å støtt ei orntlig god sak for UNICE – og samtidig kos deg dampande varm eplekake – for på søndag er det BÅDE TV-innsamlingsaksjon OG den internasjonale epledagen. Då MÅ det bli kafè ! Her finn du heile PLAKATEN og hjartleg velkommen i Trivselstova på …

Ope infomøte om ny ferjekai Nesvik

Det er banebrytande arbeid på gong: Hjelmeland-Nesvik er vald til å bli verdas første hydrogenelektriske ferejsamband ! Statens Vegvesen har varsla oppstart av reguleringsplanarbeid for Nesvik og Sande ferjekai. Det blir ope informasjonsmøte om planen på Nesvik her på Jøsneset i Trivselstova mandag 23.okt kl 19.30 Omlegging av drifta vil medføre behov for større og doble ferjekaiar. Det …

Bli med til BANDÅSEN – sønd 8 okt

Dette må vere den perfekte turen for alle Jøsnesbuar 😉 Er jo perfekt utsikt him te Jøsneset heile vegen: heilt frå ferjeturen over fjorden, til oppstart ved Tuftene 0 moh, vidare opp via Tjeltveit ca 100 moh og Helgaland 300 moh – og ikkje minst frå toppen på Bandåsen – ca 500 moh.. Men ikkje …

Sesniortreff hausten 2017

Då her seniorane i bygda starta opp at sine jamnlege treff etter sommarferien. Første treff var denne veka, og neste gong blir torsdag 12. oktober kl 10.00 – Deretter annakvar torsdag. Treffet finn stad i Triveselstova – og kanskje enda fleire er interessert i å bli med !! Det blir god middag som blir levert …