Månad: september 2017

På an igjen – DAMEKVELD

Då er det bare å sleppa det du held på med, og løpe av garde – For damekveldane startar opp igjen etter sommaren nå ONSDAG 27.sept kl 19.30 Triveselstova.Ta med spøter og heklekrokar og kva du måtte ønskje  – og møt opp til uformell prat rundt kaffe/te-koppane !!  Damekveldane fortsett utover vinteren kvar siste onsdag …

Torsdagstrim igjen

Etter ein lang sommarferie er det på tide å starte opp igjen med trening! Torsdag 21. september blir det trim for alle i gymsalen klokka 19:30. Velkommen nye og «gamle» trimmarar!

Takk for støtte til Demensaksjonen

Takk til alle i bygda som bidrog i demensaksjonen i kveld – då Helselaget gjekk rundt med bøsser. For dei som ikkje var heime, er det muligheit til å gi via sms eller andre måtar – det er enkelt – gå til Nasjonalforeningen for folkehelsen

God deltaking frå Jøsneset på Oslo Maraton

Jøsnesbygda var representert med 4 løparar i Oslo Marathon denne helga.  Jo, alle er Jøsnesbuar, for alle bur, arbeidar og/eller er oppvaksne på Jøsneset. Til å vere så lita bygd med så få innbyggjerar, så må prosentandelen vere ganske høg. Astrid til høgre er «veteranen» med sine over 20 maratonløp – og blei raskast i …

Demensaksjone 2017

MANDAG 18.SEPTEMBER KL 18:00 KJEM ME RUNDT TIL ALLE HUSSTANDAR MED BØSSER I FORBINDELSE MED DEMENSAKSJONEN. DET VIL STÅ EI BØSSE PÅ NAUSTET FRÅ MANDAG TIL OG MED ONSDAG.   Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag 

Referat frå grendemøte Jøsneset

Hjelmeland kommune hadde grendemøte på Jøsneset 4.sept om kommuneplanen  – Her er referatet frå møtet.Info om alle grendemøtene rundt om i kommunen og om planarbeidet blir lagt ut på den opne Facebooksida Hjelmeland Naturlegvis – og alle referata frå dei andre grendene vil etterkvart bli lagt ut på kommunen si nettside. Frist for innspel er 21. sept  

Stengt ferjesamband 18-19 sept

Statens Vegvesen melder at ferjesambandet mellom Nesvik og Hjelmeland blir stengt i perioden 18 sept kl 20.00 til 19.sept kl 07.00 pga arbeid som skal utførast på ferjekaien (bytting av tårn ferjekai). Ferja mellom Hjelmeland og Skipavik går som normalt – og hurtigbåt blir ikkje påverka.

ROMANIA – INNSAMLING 8. SEPT

8 . SEPTEMBER kl 17.00 – 18.00 VED BRANNSTASJONEN SKIFTUN Inger Apeland i Suldal er initiativtakar til nok ein trailertransport til Romania, og ho skriv:«Me treng klede, sko, ulltepper, sengtøy, gardiner, stoff, kjøkkenutstyr, gryter, garn, strikke-og sysaker, leier – ja, alt mogleg. Pakk godt inn i doble sekker eller gode øskjer. Ikkje for tunge kolli. …