Maledugnaden pågår – finværsdagane blir nytta !

Neida, det er ikkje bare slåtte-bøndene som går og trippar etter finværet – det gjer òg Unni i Bygdarådet. Ho organiserer nemlig maledugnaden på gymbygget – og det er ikkje bare, bare innimellom regnværsdagane. Men onsdagkveld denne veka var det glitrande malevær – og 6 stk møtte opp for å fortsetje der dei 6 andre hadde malt sist veke. Nå er det heilt ferdig opp på takoppbygget og nå byrjar det å bli fint på framsida òg- men det er enda meir igjen:-)  Meld deg gjerne frivillig til Unni 403 94 743 – viss ikkje kan det kanskje hende du får ein sms med spørsmål om å bidra. Ein kveld til med like mange som tidlegare, så er nok jobben langt på veg gjort

Det blei jo litt stige-prat og høydeskrekkdialog  – nokon likar seg bedre i høgda enn andre – slik er det berre 🙂 Men som de ser: Dette bygget skrik etter maling – det har ikkje vore malt på mange mange år, så det sugar til seg kvar eit strøk !!  Det er primært denne veggen som gjenstår til neste dugnadsøkt, men òg litt andre stader.

Inngangspartiet får òg ein liten opp-shining – Sikkert til glede for svala som bur der 😉

Scenetilbygget er ein nyare del av bygget, men trengte òg pleie !

 

Joda – dette viser godt igjen – det blir fint !! Men kva med muren – den er òg stygg : skal me la stå? skal me male med murmaling? …..eller skal me setje ein kreativ, flink grafittikunstnar på saken – det hadde jo vore tøft …….Er slike med på dugnad, mon?  Då er det bare å melde frå til Unni !

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.