Steinbra

 

Ein kar med traktor og fire damer med handkraft – ja, så på 1-2-3 var steinen i bedet fordelt.  Her skal det nå plantast låge buskar – for å mjuka opp i steinrabatten

Marit og Svanhild frå Bygdarådet står på og Johan fordeler stein ut med traktorskuffa – så då gjekk det unna !

Dei tre meter høge forvokste gamle stygge buskfuruane er borte – sikten er blitt bra og morelltreet kjem meir til sin rett. Neste skritt er å fikse trappa langs skuleveggen og legge kanstein langs den + plante nokre grupper  med låge buskar i rabatten. Ser straks litt meir velstelt ut !

Ta kontakt med Unni Fossaa i Bygdarådet om du har lyst å bidra med noko på uteområdet på skulen – 403 94 743 – bygdaradet@josneset.no. Det blir som tidlegare nemnd òg snekkerdugnad – skifting av kledning på gymbygget. 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.