Dokke huske kanskje artikkelen frå ryddekvelden – då blei dette området i skulehusbakken rydda for gamle, forvokste buskfuruer. I ettertid har Johan Hjorteland vore på staden med gravemaskin og rydda og planert, deretter har Unni i Bygdarådet sørga for å få duk på plass og Geir Natland har levert eit lass med stein. Alt hittil gratis på dugnad !! Denne steinen skal nå fordelast ut i rabatten !! Det er det som er «stein-løye» 🙂 Iallefall kan du bli med på dette enkle arbeidet. Ta med bøtte og kanskje ei grafse, så er det bare å fordele steinen utover. I kveld mandag er det 2-3 stk på gang, så kom gjerne opp ! Ev spørsmål : kontakt Unni i Bygdarådet
Ellers melder Unni at materialene til fasadereperasjonen på gymbygget er mottatt – og ein er snart klar for dugnad der òg !
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.