For ein herlig sprek gjeng – Hardhausen 2017

Arrangøren er mektig imponert over alle 42 store og små som tok turen frå topp til topp på Jøsneset i dag – i ein evigvarande tåkeheim frå start til slutt. Alle deltakarane fortalde det same: dei hadde sett INGENTING ! Men for eit humør! Så masse smilande og blide folk i heia – trass været ! Har kje sett på makan !  Denne gjengen kom heilt frå byen eins ærend for Hardhausen !! Smilå var lika store når dei kom ned igjen !  Det var 13 stk som prøvde seg på Hardhausen og resten tok 1-3 nutar. Været var av slik karakter at alle fekk godkjent det de prøvde på 😉  LENE HJORTELAND blei årets Hardhaus : premie ryggsekk med turtilbehør frå Hjelmeland Sparebank! Norunn Westersjø vant Nut-premien som var ein tursekk frå ENKEL.  Me takkar alle dei ca 40 andre som var oppom Fosstemmen og fekk kake, kaffe, grilla og gjekk natursti. På denne dagen var det faktisk ein flott prestasjon berre å gå hit – 380 moh – TAKK TIL ALLE BARNA SOM DELTOK !!!


Veldig koselig at så mange tok turen opp til Fosstemmen denne dagen – her er det ein gjeng som bryne seg på natursti-quizzen for barn.  Det var mange som deltok og mange som hadde rette svar og det var YLVA LAUGALAND FUGLESTEIN frå Foreneset som vant premien som var ein fotball. Alle flinke barna som deltok fekk såpebobler

Lene Kaldheim hadde laga Kalvagaren-sjokoladekake – til ære for 10 årsjubilanten gapahuken – med vimplar og gras på taket 😉 falt i smak!! Hipp hipp Hurra! 

Sosialt og koseleg ved Fosstemmen

Alle 13 Hardhausane måtte oppom NordaHøgaste på Herefjellet – heller ikkje der var det stort å sjå !

 
Her er nok ein nut nådd …..kan det vere Valafjellet mon? eller Gunlanut….alle fire var nokså like denne dagen  – prikk lik «utsikt» 🙂 


Årets Hardhaus  – Lene Hjorteland – vant loddtrekkinga av hovudpremien: ryggsekk ! Lene er ein av 5 deltakarar som nå har deltatt på arrangementet alle gongene – dvs 9 år på rad.  Alle 5 var der i år òg – og me håpar å sjå dei att neste år – då har HARDHAUSEN 10 års-jubileum!


Medan deltakarane var ute og gjekk, var det god fyr på bålet i sekretariatet – og kaffe: ja det var det rikeleg av til alle som ville ha! Pluss kakao og saft ….mange satte seg nedpå og grilla seg middag med det same !

 
På Gunlabu – hytta nedanfor Gunlanuten var det NØTTESTASJON – HEr ser me Anbjørg på vakt i nøttebua saman med mor Ingeborg. Denne hytta ligg rett i løypa – men likevel – tåka var så tett at mange av deltakarane gjekk rett forbi for de såg ikkje hytta !!! Men Ingeborg fant råd – ho gjekk ut på trammen å ropte : NØTTER Å FÅ !! Og jammen var det deltakarar i nærleiken som då fekk innom å fylle på litt nøtter, rosiner og saft !


Her har Team Opedal ein liten rast ved Skiftustølen – jaggu var det skodd der òg !

…og skodd på Gunlanuten 829 moh


Den blide bygjengen fant heldigvis Nøttebua  – sidan Ingeborg var ute på trappa og hoia !!

Ved gapahuken ved premieutdelinga – Svanhild fortalde litt om «Verdens finaste gapahuk – Kalvagaren» – som i år har 10 årsjubileum. Gapahuken ved Fosstemmen er bygd av flittige dugnadshender  – eit nydeleg bygg som det tok fleire år å bygge! Nå har den vore til glede for store og små turgåarar i 10 år – og 100 vis, ja kanskje 1000vis – har vore oppom på besøk. Fosstemmen er blitt hjarta i Jøsnesheia ! Vel verdt å feire !

Det blei trekt ut eit GÅVEKORT frå ENKEL-BUTIKKEN på Hjelmeland blandt alle som var til stades under premieutdelinga. Det gjekk til SONDRE FOSSÅ (Aplavik)  – Gratulerar !


Ved gapahuken Kalvagaren ligg det to kanoar «Kalven» og «Kvigå» som kan nyttast av turfolk !  Joda, det var glimt av  vakkert innimellom denne dagen òg 


Ein del snappar blei sikkert sendt ut i verda denne dagen òg – kanskje òg denne? ….frå vakre gapahuken – jubilanten ! Ligg og ventar på oss igjen og igjen.

TUSEN TAKK alle dokke 80-90 store og små som fant turen opp i Jøsnesheia i dag – Arrangøren er mektig imponert over humøret og den friske innstillinga (til og med to karar som bada! )

42 stk deltok på  HARDHAUSEN  OG 3- NUTSTUR – ikkje alle nådde sine mål/alle toppar for forholda var særs krevjande – Arrangøren var veldig happy at alle var dyktige turgåarar og fulgte dei merka løypene, og kom seg trygt til mål. Så denne sure tåkedagen var alle SEIERHERRER og får godkjent deltakinga: 

Jonas Hjorteland Gbada
Lene Hjorteland
Lise Tjeltveit
Roy Arne Strand
Inge Torkel Skiftun
Sigurd Opedal
Tove Opedal
Rick Andre Opedal
Alexander Mikalsen
Jakob Hjorteland Gbada
Casper Larsen
Vebjørn Fossaa
Jasin Hjorteland Gbada

Lene Kaldheim
Nila Skiftun
Roald Jensen
Sylvia Frafjord
Anbjørn Våge
Ida Sværen Oaland
Kristiane Westersjø
Norunn Westersjø
Sven Westersjø
Berit Hjorteland
Jostein Hjorteland
Silje Sværen
Øyvind Oaland
Anne Weibell
Therese Svihus
Rune Pallesen
Astrid Pallesen
Hanne Kleven
Eva Bernhoff 
Kristoffer Bernhoff
Klemens Furnes
Ingeborg Westersjø
Anbjørg Westersjø
Vår Fosså
Gaute Fosså
May Kristin Fosså
Sondre Fosså
Stian Fosså
Stein Fosså

Takk til RØDE KORS som var på vakt !!
TAKK til fotografane: Ingeborg Westersjø, Sigurd Opedal, Lise Tjeltveit og Svanhild H Gbada

Bra jobba folkens – Arr: JØSNESET HELSELAG og JØSNESET UNGDOMSLAG 

 

Utsikten til sekretariatet Jarle, Brahim og Svanhild 😉 medan me venta på alle deltakarane !

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.