Månad: juni 2017

Ny maledugnad torsdag 29.juni

Det er meldt finvær og det blir ny maledugnad TORSDAG 29. juni på gymbygget kl 17.00 og utover. Ta gjerne med stige og tips gjerne Unni på sms 403 94 743 om du kjem !

Klart for Smashing Jøsneset

Nå er regnet snart brukt opp for sommaren, så 5. august blir det strålande solskinn!!

Midtsommarkveld som nyttårsaften

Nei ikkje søren om øs-pøs silande regn og skodd  og 9 spinkle grader skremer Jøsnesbuen – Tradisjon er tradisjon!  Jonsok er Jonsok! Og då er me i Skiftustranda med bål, campingstolar, grill og regnjakkar….basta!! …ja, omtrent som nyttårsafta, altså!  Bare at på nyttårafta då er det bikini, badebukser og bading .  jaja- Jøsnesbuar er Jøsnesbuar !  30 …

Maledugnaden pågår – finværsdagane blir nytta !

Neida, det er ikkje bare slåtte-bøndene som går og trippar etter finværet – det gjer òg Unni i Bygdarådet. Ho organiserer nemlig maledugnaden på gymbygget – og det er ikkje bare, bare innimellom regnværsdagane. Men onsdagkveld denne veka var det glitrande malevær – og 6 stk møtte opp for å fortsetje der dei 6 andre hadde …

Felles Jonsokfeiring

Meir info på PLAKATEN

Båttur til Førre 16.juli

Sommar og båttur høyrer godt saman og nå inviterar Hjelmeland Turlag til båttur til inn til spektakulære Førre søndag 16.juli med Helgøy Skyssbåt – saman med den lokalkjende og gode forteljaren Arne Kleppa.  Inne i Førre kan de sjølv velge om de vil vere med på ei historisk vandring med Arne oppover til gardane inne …

Spanande tider for makrellfiskerane i sitjenota

  Juni er ei god tid for dei ivrige makrellfiskarane på Jøsneset – og karane frå Jøsneset gjer dette på tradisjonelt lokalt vis – med sitjenot!  Rasin Tjeltveit fortel at det som er spesielt med sitjenøter/giljer, er at det antakeleg ikkje er fleire i drift i Norge enn dei som er i Hjelmeland. Her er det derimot …

Steinbra

  Ein kar med traktor og fire damer med handkraft – ja, så på 1-2-3 var steinen i bedet fordelt.  Her skal det nå plantast låge buskar – for å mjuka opp i steinrabatten Marit og Svanhild frå Bygdarådet står på og Johan fordeler stein ut med traktorskuffa – så då gjekk det unna ! …

Bli med på stein-løyen dugnad !

Dokke huske kanskje artikkelen frå ryddekvelden – då blei dette området i skulehusbakken rydda for gamle, forvokste buskfuruer. I ettertid har Johan Hjorteland vore på staden med gravemaskin og rydda og planert, deretter har Unni i Bygdarådet sørga for å få duk på plass og Geir Natland har levert eit lass med stein. Alt hittil …

Snegledugnad!

  Du har sikkert fått med deg at brunsneglane har hatt ein god vinter, og at det no er flust av dei i hagen, langs vegen og stort sett over alt. Me har i fleire år hatt ein felles aksjon med middelet Nemaslug, som har god effekt mot dei ubudne gjestene. Hvis du vil delta …

For ein herlig sprek gjeng – Hardhausen 2017

Arrangøren er mektig imponert over alle 42 store og små som tok turen frå topp til topp på Jøsneset i dag – i ein evigvarande tåkeheim frå start til slutt. Alle deltakarane fortalde det same: dei hadde sett INGENTING ! Men for eit humør! Så masse smilande og blide folk i heia – trass været …

BLI MED PÅ 10-ÅRSFEIRING AV KALVAGAREN

Den flotte gapahuken «Kalvagaren» ved Fosstemmen blei opna 1.pinsedag 2007, med masse folk, nydeleg vårvær, leik, prat og mat.  Nå er 10 år gått og Kalvagaren er blitt kjær og populær for alle i bygda og mange mange fleire. Det er blitt eit flott turmål og ein god stad å vere.  Me må feire jubilanten …

Søndag 1.pinsedag – HARDHAUSEN og FEIRING AV GAPAHUKEN

Vårens vakraste eventyr nærmar seg – set av datoen 4.juni (1.pinsedag) – Då blir det Hardhausen og 3.nutstur på Jøsneset. ARR: Nasjonalforeningen for folkehelsen JØSNESET HELSELAG og JØSNESET UNGDOMSLAG I år kombinerar me arrangementet med 10-års-jubileum for den flotte gapahuken «Kalvagaren» ved Fosstemmen. Det blir i år difor ikkje idealtid – men alle som deltar …