Jippi – det blei tog i år òg ! Ikkje Norges lengste, nei – og ikkje med ein hest i tet – Nei, med TO flotte hestar i tet – etterfulgt av eit fint lite knippe festkledde Jøsnesbuar. Ei koseleg, roleg lokal feiring blei det – i stille lunt vær, med tale for dagen av Morten Hetland og lokale musikale innslag – og sjølvsagt lapskaus – is – vennskaplege kappestridar, natursti, quizzar – joda, jammen er det særprega og koseleg å feire nasjonaldagen på småplasser som Jøsneset.
Dei to flotte fjordingar tok oppdraget med stoisk ro; VassendJenta med Silje som kusk og Elise som følgje i vogna – og Øyliv med Kristiane som rytter. Smashing, ikkje sant?
Multitasking-mannen frå Hjelmeland – Morten Hetland – stod for dagens tale – Kort og flott, med fine fabuleringar kring dei viktige verdiar i vårt samfunn – ytringsfriheten og demokratiet – i eit samfunn som ikkje er statisk, men stadig i endring – Og kor viktige kvar enkelt av oss – me: folket – er for å skape vårt samfunn inn i framtida !
Sjølv om 17.mai er ein dag rik på tradisjonar – er det alltid gøy med noko nytt. Men, spikring er jo ein god gammel slager på 17.mai, tenkjer du. Men i år var det «strategisk spikring» som var tingen! Hmm….her gjaldt det ikkje nødvendigvis om å ha størst styrke og best treffsikkerhet. Her blir reglane demonstrert……hmmmm….koss ska dette gå?
Strategi-spikring viste seg å gi interessante psykologiske utfall…..for her var det om å gjere å stå lengst med sin eigen spiker – og slå dei andre ut…..Det blei usedvanleg mykje bomspikring – noko som ikkje nødvendigvis var så dumt. Jøsnesungdommen viste seg å gjere det relativt godt på dette, og til slutt var det yngstemann av deltakarane som sikra seieren – Runar Fossaa !
Takk til den frivillige komiteen for ei koseleg og fin feiring! Utan frivillige ville ikkje nasjonaldagfeiringa blitt den særprega festen den er her i Norge – ikkje minst gjeld dette på små stader som Jøsneset !
HIPP HIPP !!
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.