Ryddedagen gjennomført

Stor innsats for å få det finare til 17.mai !!  Årets ryddedag blei gjennomført 10.mai – litt uheldige med regnbygene – alle blei kliss klass våte. Men innsatsen var bra og folk stilde opp med traktor, motorsager, sakser, sopekostar, hakker og river.  Og som alltid blei alle vegane i bygda saumforne etter søppel. Så nå blir det fint både her og der


Her er det det oldgamle forvokste stygge buskfuru-bedet ved gamleskulen som får gjennomgå. Blei sagt ned alle som ei !! Og jøss: nå får me jammen sjå den fine utsikten ned Skiftudalen og det koselege morelletreet + at vegen opp til skuleområdet blir mykje meir trafikksikkert og oversiktlig.


Dugnaden starta kl 17, og ikkje alle hadde rukke middag etter jobb. Så det smaka godt med varme hamburgerar frå Bygdaådet – og godt med litt varme og litt prat og litt kaffe. Viktig å kosa seg litt òg !

Både vaksne og barn deltok, og det blei luka i bed, rydda langs alle vegar, sagd ned på busk og kratt – Uteområdet på skulen er nå bygda sitt ansvar, og det er nedslept og overgrodd, og det krev ein god del frivillig innsats for å halde dette. Det er ein god del arbeid som gjenstår, mellom anna må det nedsagde buskfurufeltet oppgraderast. Bygdarådet har ein «liten plan» på gang for dette allerede. Så har du lyst å bidra, er det bare å ta kontakt med bygdaradet@josneset.no ved Unni Fossaa. 

men òg mykje flott som er gjort – og me kan feire 17,mai med god samvittighet 😉 

Elles har Bygdarådet òg invitert til snekkerdugnad for å skifte ut kledning på fasaden på gymbygget pga ein lekkasje. Her er det alt nokre karar som har meldt seg – Men har du lyst å bidra er det bare å ta kontakt med Unni.

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.