Pyntar til 17.mai (2)

Sidan delar av grøntrabatten rundt Bygdarådet si oppslagstavle hadde blitt luka på ein tidlegare ryddedugnad, var det på tide å få plante i noko nytt ! Passa godt å få det litt finare der til 17.mai. Marit i Bygdarådet hadde handla inn sommarblomar frå Randøy, medan Svanhild spedde på med diverse stauder frå eigen hage.  Lørdag blei det luka vidare og planta i rundt oppslagstavla. Silje er ein travel vår-bonde som vil ta seg av plenslåtten ved p-plassen.

Viss plantene får etablert seg og stelt litt framover, så vil det blomstre rundt oppslagstavla både vår, sommar og haust – og faktisk òg nesten vinterstid (for det blei òg planta ei julerose, og som kjendt blomstrar dei veldig tidleg – gjerne i februar).  Her håpar me både sverdliljene, bronseblada, dagliljene, montebretiane , storkenebbane, løytnantshjertene og nellikane vil like seg o blomstre opp til ulike tider.  Men først av alt er det sommarblomstene i rødt, kvitt og blått som vil friske opp !

Det blei òg slått mellom buskane i den forferdelig stygge, ruskete buskrabatten oppover langs skulebakken – dette som eit «akuttiltak» nå før nasjonaldagen Det blei òg slått i rabatt på skuleplassen og bak branngarasjen.  Den bratte grasbakken vil òg bli slått før 17. mai. Alt på dugnad !   Det er framleis  mykje me kan gjere finare rundt skulebygga, så har du lyst å bli med, er det bare å kontakte bygdaradet@josneset.no 

 

 

 

Sidan Marit hadde kjøpt inn sommarblomar til velkomsttavla vår, blei desse òg planta og hengt opp i dag . KOM MAI DU SKJØNNE MILDE !! HIPP HIPP !!


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.