På Jøsneset er det allereie lange tradisjonar for å ha turpostar med bøker i som folk skriv namnet sitt i når de går på tur – Dette er eit opplegg som Jøsneset Helselag har drifta i mange år, og som er ein flott stimulans til å oppsøke turmål og halde seg i aktivitet. På årsmøtet blei det trekt ut vinnarar frå kvar av dei 9 turpostbøkene:
NB: VInnarar som enda ikkje har mottatt gåvekortet, får dette ved å ta kontakt med Berit S Hjorteland 950 50 427
Brynå, vaksen
Kåre Nesvik Totalt 460 besøkande derav 64 barn (totalt 439 i 2015)
Brynå, barn
Finn R. Olsen Hana Totalt 460 besøkande derav 64 barn (totalt 439 i 2015)
Håvehammar, vaksen
Ellen Mari Fosså Totalt 1233 besøkande derav 175 barn (totalt 1502 i 2015)
Håvehammar, barn
Ronja Foss Totalt 1233 besøkande derav 175 barn (totalt 1502 i 2015)
Nesdalsfjellet, vaksen
Kristine Nesvik Andersen Totalt 1073 besøkande derav 167 barn (totalt 826 i 2015)
Nesdalsfjellet,barn
Misgana Yonas Totalt 1073 besøkande derav 167 barn (totalt 826 i 2015)
Tausanibbå
Eilef Foss 158 besøkande mot 182 i 2015
Norda Høgaste
Gunnar Mork 168 besøkande mot 155 i 2015
Fosstemmen
Svanhild Hjorteland Gbada 802 besøkande mot 785 i 2015
Valafjellet
Sylvia Frafjord 146 besøkande mot 58 i 2015
Gunlanuten
Jonas Hjorteland Gbada 391 besøkande mot 342 i 205
Røssenibben
Sigurd Opedal 154 besøkande mot 67 i 2015
Alle vinnarane får eit gåvekort frå ENKELBUTIKKEN PÅ HJELMELAND på kr 250,-
Det er altså totalt 9 turpostar med bøker i, og dei 3 som ligg i låglandet har eigne barnebøker. Stiane til turpostane er merka, og turane er skildra i TURSTIFOLDAREN
Statistikken viser at trafikken på dei høgaste toppane stig – noko som sikkert har samanheng med Hardhausen, og kanskje den fine marknadsføringa Jøsnesheia får gjennom bloggen Turanbefalinger.
Noko som nok òg spelar inn på statistikken er at i 2015 var Håvehammar ein av kommunen sine kodejaktpostar, medan i 2016 var Nesdalsfjellet kodejaktpost.
Blir då spanande å sjå kva utslag ein får på Tausanibba som i 2017 vil vere ein av kommunen sine kodejaktpostar !
Turgåing er ein positiv aktivitet som kan kombinerast med så mangt – som td dikting – dette koselege moltediktet fant me i boka på NordaHøgaste:
JØSNESET HELSELAG oppmodar folk om å fortsetje å bruke vår vakre natur og godt merka stinett – Ta med ein venn og ein kopp kaffe…….og ja kva anna kan me seie:
Det er veldig fint om folk i bygda kan fortsetje å «adoptere» stiar som ein har litt ekstra bankande omsorg for, på den måten held me stinettet oppdatert og rett.
Turpostansvarleg for Helselaget er nå Svanhild H Gbada. Meld få til 97007636 om du kan vere slik adoptivmor eller adoptivfar – og elles gi beskjed om feil eller manglar på rutene.
JØSNESET HELSELAG
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.