Takk for trimmen Silje !

Silje Sværen fekk overrekt eit gåvekort på kr 500,- til EnkelButikken frå JØSNESET HELSELAG – som takk for at ho stiller som instruktør med musikk og program på trimkveldane kvar torsdag !   Torsdagstrimmen rullar og går slik den vel har gjort i snart to år nå – og Silje gir eit fint bidrag til dette folkehelsetiltaket ! 

Oppmøtet varierer mellom 6-10 stk, og av og til fleire.  Trimgjengen ønskjer gjerne nye deltakarar velkommen til styrketrening, kondisjonstrening og gode tøyeøvelsar !!   Her er det rom for alle uansett form og alder – det går bra å tilpasse tempo, øvelsar og belastning etter din eigen fysikk og helse.   Så velkommen til fastbuande og hyttefolk – unge og gamle – Gymsalen Torsdagskveldar kl 19.30 – Gratis og sosialt !


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.