Magisk aften utan månemann

Hjelmeland Turlag inviterte til måneskinnstur til Fosstemmen- men månen kom seint den kvelden så den gjekk turgjengen glipp av. Til gjengjeld fekk dei 21 som tok turen oppleva ein magsisk skumringstime på veg opp og ein fullspekka stjernehimmel på veg ned – og imellomtida gjekk radlet og historiene livleg rundt bålet i gapahuken. Meir om turen på Hjelmeland Turlag.  Foto over er frå steinbordet i Stølskleivå.

Bygda og sauene gjekk til ro denne vakre kvelden – medan turfølgjet traska lystig forbi her på Treet og vidare opp i høgda og kveldsmørket.

Gapahuken «Kalvagaren» ved Fosstemmen er romsleg og god – med plass til heile gjengen. Den er som skapt for eit måltid i lag og for dei gode historiene rundt bålet. Rasin Tjeltveit var ein god historieforteljar – fleire lokale segn drog han oss gjennom – Og Kåre Nesvik fortalde historia om bygginga av gapahuken. Eit flott, ope byggverk til glede for alle – og veit du; dette bygget har 10 år-jubileum i år ! …og allereie nå er det eit historisk sus i dei stødige tømmerveggene – ta turen !

 

Foto: Svanhild Hjorteland Gbada.

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.