Stort engasjement om lokale stadnamn

Godt frammøte og stort engasjement på det nye stadnamntreffet i Trivselstova denne veka. Folk frå ulike deler av bygda møtte fram, og me tok «ei lita reis» bygda rundt på det digitale kartet på flatskjermen – og gjekk gjennom dei namna som er samla inn. Litt drøfting om skrivemåtar og ulike tolkingar av namn og kor dei faktisk høyrer heime.

Vel 600 namn er samla inn hittil. Me har hatt ein lang pause, men ønskjer å kome vidare i prosjektet. Difor var samlinga nyttig og konstruktiv. Me vil leggje ut kartutsnitt her på nettisda etterkvart; så folk kan sjekke gjennom på skjerm eller skrive ut og sjekke karta heime.

Dersom nokon treng utsnitt frå ein bestemt gard/område på papir, så ta kontakt med Ingeborg 92850297 eller Svanhild – 97007636.

Så følg med og ny info kjem her på nettsida !


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.