Fleirtal for nei til storkommune

Tysdag 24. jan 17  er for andre gong folkeavrøysting i Hjelmeland om kommunereformen. Denne gonger er spørsmålet:

«Med grunnlag i intensjonsavtala: Ynskjer du at Stortinget skal vedta ein ny kommune der Forsand, Strand og Hjelmeland vert slegne saman?» 
Svaralternativa på stemmesetelen er: ja/nei/veit ikkje»

Endleleg oppteljing ga følgjande resultat: 
488 stemmer =51,69 % NEI
436 stemmer = 46,19 JA
20 stemmer= 2,12 % VEIT IKKJE
Deltakarprosent: 44,3 % 

På bildet ser du røysteapparatet på Jøsneset: frå venstre Eldbjørg Tednes, Olga Hjorteland og Rasin Tjeltveit – etterkvart svært så erfarne i «gamet» – dei sørgjer for at alt går rett for seg, kryssar av i mantallprotokollen etterkvart som dei røysteføre avgir si stemme og får stemmane ekspedert over til opptellingskorpset på Hjelmeland. I år er det 109 røysteføre på Jøsneset – denne gongen kan personar f.o.m 16 år stemme.  For å kunne lage statistikk for den enkelte krins, må det vere minst 100 avgitte røyster – det blir det neppe, då deltakingsprosenten nok ikkje blir høg så høg.

Her er Inge Torkel Skiftun innom mellom sine arbeidsøkter – og avgir si stemme.  Kva han stemde veit han nok berre sjølv, men det skjer definitivt med godt humør.  

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.