Litt forsinka nyttårshelsing frå Skiftustranda …ja, for det er etterkvart blitt tradisjon blant nokre av jøsnesbuane å hive seg uti den friske fjorden på årets siste dag – sama koss surt og grått været er!! 9 stk stilde opp i badebukser og bikiniar og sydvestar og ullsokkar omanidom. Denne dagen var det ikkje særs kaldt, men regnet hølja ned, så det var godt å ha paraply med …..sånn sett minna det litt om enkelte jonsokafter på same stad
God stemning etterpå – sjøl om adle var kalde på tærne !
Twist og «champagne» – godt nyttår – goe og varme og godt påkledde igjen 😉
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.