Månad: januar 2017

Måneskinnstur til Fosstemmen mand 13.feb

HJELMELAND TURLAG arrangerer fellestur til Fosstemmen mandag 13.februar. Det er to dagar etter fullmåne – så håpet er at himmelen er klar og månen skin og at snøen ligg tung. Turen startar kl 17.00 frå Foss. Ja, kanskje litt tidleg, men det er fordi turen òg skal kunne passe for barn (ja, i følgje med …

Nytt stadnamntreff – mand 6.feb

Heile plakaten finn du HER.

Fleirtal for nei til storkommune

Tysdag 24. jan 17  er for andre gong folkeavrøysting i Hjelmeland om kommunereformen. Denne gonger er spørsmålet: «Med grunnlag i intensjonsavtala: Ynskjer du at Stortinget skal vedta ein ny kommune der Forsand, Strand og Hjelmeland vert slegne saman?»  Svaralternativa på stemmesetelen er: ja/nei/veit ikkje» Endleleg oppteljing ga følgjande resultat: 488 stemmer =51,69 % NEI436 stemmer = 46,19 JA20 …

Jøsneset skule gjenoppsto

I NRK sin Klassequiz blei det 8 av 12 poeng til laget frå Hjelmeland som besto av 10. klassingane Ida, Tania og Kristof. Det holdt dessverre ikkje til finaleplass, men ein svært hederleg innsats likevel!  Dei to Jøsnes-jentene gjorde seg såpass bemerka at NRK kalla dei tre » laget frå Jøsneset skule»  https://www.nrk.no/rogaland/vi-karer-fylkets-smarteste-tiendeklassinger-1.13312490

Jøsnes-jenter i Klassequizen

10.-klassingar frå heile landet kjempar i desse dagar om å representera fylket sitt i NRK sin Klassequiz. Dei 3 beste elevane frå den lokale quizen på Hjelmeland ungdomsskule, Ida, Kamil og Tania, skal i elden i NRK lokalen ca klokka 14:20 i morgon (mandag). Sterkt at 2 av 3 er frå Jøsneset!  Me ønsker dei lykke til 

Tips for oss ferjereisande

Me bur i ei verd der ferjereising framleis er ein viktig del av vår kvardag. Det hender rett som det er at det er forsinkelsar grunna uvær oa. Då kan det kanskje vere greitt å vere obs på at det er  

Damekveld på onsdag 25/01/17

ONSDAG 25/01/17 kl 19:30 i Trivselstova Helselaget er klare for første Damekveld for 2017. Her blir det drøs og latter over ein kopp kaffi og kanskje du også har med deg strikketøyet. Me gler oss til ein kjekk kveld med mykje gode samtalar . VEL MØTT 

Helsebading vår 2017

MÅNDAG 09/01/17 startar FAMILE OG HELSEBADINGA OPP ATT. 17:30-18:30 FAMILIEBADING 0-6år (barnehagealder) 18:30-19:30 HELSEBADING  Stad: svømmebassenget i underetasjen til Hjelmeland Ungdomskule PS: DET ER EIGA BADING FOR BORN I SKULEALDER. 

Rådgjevande folkerøysting om kommunestruktur

Tysdag 24 januar kan alle f.o.m 16 år gå til stemmeurnene for å ta stilling til ev kommunesamanslåing med Strand og Forsand.På Jøsneset er stemmelokalet på Jøsneset skule – gamlebygget mellom kl 14 – 18.30Meir info på Hjelmeland kommune si nettside.Mei info og debatt på : Folkemøte på Hjelmeland samfunnshus 10 januar 2017 kl 19.30

Godt nytt 2017 frå Skiftustranda

Litt forsinka nyttårshelsing frå Skiftustranda …ja, for det er etterkvart blitt tradisjon blant nokre av jøsnesbuane å hive seg uti den friske fjorden på årets siste dag – sama koss surt og grått været er!!   9 stk stilde opp i badebukser og bikiniar og sydvestar og ullsokkar omanidom.  Denne dagen var det ikkje særs kaldt, …