Travle Tania til worldcup i Taekwon-do !!

Fotograf Bjørkhaug
Tania Auglend frå Tonå på Jøsneset er ei travel tenåringsjente, og to gonger i veka reiser ho til Stavanger for å trene taekwon-do, som er ein koreansk sjølvforsvarkunst og internasjonal idrettskonkurranse.  Tania er ivrig og god – og nå bærer treninga frukter – for nå er ho teken ut til å delta på worldcup i taekwon-do i Budapest 11-16 oktober !!

Worldcup i taekwon-do er uoffisielt VM for både svartbelter, blå- og rødbelter. Det blir ei veke i Budapest med masse trening, konkurransar og mykje moro. Tania skal delta i sparring og mønster. Sparring er det same som kamp, der deltakarane har på seg sikkerheitsutstyr, og er delt opp etter beltegrad og vektklasse.
Mønster er at utøverane skal gå eit bestemt sett med øvelsar, spark , punch, blokk og får poeng for utføringa.

Team Rogaland sender 11 deltakarar  som kjem frå ulike klubber i Rogaland. Dei fleste er under 18 år, og alle har rødt belte eller høgare. Kravet for å bli tatt ut som deltakar i worldcup er at utøvar etter fylte 14 år har delteke på minst to regionale meisterskap + ein må velgjast ut av regionstrenar og ein må vere godkjent av eigen klubb.
I tillegg til vanleg trening to dager i veka blir det tre helgesamlinger der deltakarane til worldcup og NM må delta på minst to treningsamlinger – så Tania får det travelt. Men ikkje nok med det:  NM er i Bergen første helga i november, og Tania skal delta der òg !
 
Heila Jøsneset ønskjer Tania masse lykke til i meisterskapa !!! først og fremst Budapest, i hjarte av Europa,  dit ho reiser saman med far Terje (som me herved har utnevnt som Jøsnessiå si utsendte kampsports-reporter/fotograf – dermed håpar me å kome tilbake med reportasje  om korleis det gjekk !!

PS:  Det hender Tania trener her heime i gymsalen òg – gjerne saman med karate-Kristiane, for på Jøsneset går Taekwo-do og karate hand i hand.

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.