Månad: august 2016

Kommunegrense midt i Jøsenfjorden??

……slik at ev Jøsneset og Jøsenfjorden blir del av Suldal kommune? Kan dette bli opp til «na Magnhild» å avgjere?  Les meir om dette i AFTENBLADET.

Arthur på kongeleg fest i Dronningparken i Oslo !

Foto: Strandbuen Arthur H. Westersjø skal til Oslo den 1. september. Der skal han på hagefest i Dronningparken. Han er invitert i samband med feiringa av Hans Majestet Kong Harald og Dronning Sonjas 25 års jubileum.  Kronprinsen og Kronprinsessen vil også delta. Det blir stor fest der kongen og dronninga er vertskap for 1500 gjester frå inn …

«Fantastisk flott motbakke»

«Ubeskrivelig kort og godt» skriv Arnt Ove på nettstaden TURANBEFALINGAR når har han skildrar turen frå Åsland over Herefjellet til NordaHøgaste !! Fantastisk fin reklame for ein fantastisk fin tur.Følg med på  Facebooksida Turanbefalinger, der kjem det jamnleg masse flotte turtips – og denne gongen altså frå Jøsneset ! Ja, det er slik at har …

Velkommen til gågruppa !!

Gågruppa er i sving igjen etter sommaren – KVAR TYSDAG kl 18.30 oppmøte v/ Brannstasjonen.  Turmål blir bestemt for kvar gong mellom dei som møter opp. Her er det plass til fleire !! VELKOMMEN frå gjengen som her tok første tur til benken på Brynå – koselig !!

Yoga for alle!

Nok et treningstilbod dukkar nå opp på Jøsneset når Ida og Tania inviterer til YOGA i gymsalen onsdagar 1800-1900. Dette er eit gratis tilbod som passar alle uavhengig av alder og form! Hvis du har ei treningsmatte er det fint om du har den med. VELKOMMEN!

Kappestrid og møje løye på Skiftukaien

http://www.youtube.com/watch?v=2YXHklskQvU&feature=youtu !.be 20 august arrangerte Jøsneset Ungdomslag 5-kamp og JM i Plommesteinspytting på Skiftun Kai.  Det var grilling av hamburgerar, kaffe og kaker å få kjøpe – og kanoar og padle i for dei som ikkje deltok i konkurransane. Ca 50 stk tok turen på kaien denne lørdagen – og var 5 stk som deltok …

Ta med badebukse !

http://www.youtube.com/watch?v=ezOGWcIvuz8&feature=youtu.beAlt er klar for kappestrid på Skiftunkaien.  I ein av øvelsane kan det kanskje vere ein fordel å ta med badebukse – med mindre du satse alt på balansen ! Deltakaravgift kr 50,-  I tillegg til kappestridøvelsar, kan de òg kose dykk med  kanoar utlånt av Hjelmeland Turlag ute på Skiftuvigå

Sprek gjeng på flott Røssenibbtur

Søndag 14 august hadde Hjelmeland Turlag fellestur t/r Bastlid –  Røssenibben 718 moh,  med avstikkar via Giskelia og Øygjadalen ned igjen til Bastlid. 21 stk deltok – her er den spreke gjengen.Mange bilder og meir stoff om turen finn de på Hjelmeland Turlag si opne facebookside.  Fleire frå Jøsneset bidrog med sin innsats på turen: Rasin Tjeltveit …

Gågruppa

Knyt på deg tursko/joggesko/spaser sko og bli med på ein sosial gåtur. Tysdag 23.August kl 18:30 frå Skiftunkrossen

5-kamp og JM i Morellsteinspytting

  ARR:  JØSNESET UNGDOMSLAG

Runar sin Jøsnessommar

Etter ein lang heiatur til NordaHøgaste og Gunlanuten gjorde det godt med eit friskt bad i Fosstemmen for Runar Fossaa og kompisen Kristoffer – ja, for me reknar med at han traff vannflata og at plasket blei forfriskande – og ps: solå skein !!!  Foto: Unni Fossaa

Fartein sin Jøsnessommar

Dette nydelege stemningsfulle bildet har me fått av Fartein Haga som har feriert på hytte i Bastlid. På ein av dei finaste kveldane i sommar tok han turen ut til Hårsteinen og fanga denne herlege stemninga – det er slik me gjerne vil ha sommarkveldane !!

Cynthia sin Jøsnessommar

«Min Jøsnessommar» : Cynthia Sandanger klarte bragden:  å fange sommarsola !! Bra gjort for den var jammen ikkje lenge innom her denne sommarferien – takk til Cynthia for dette flotte fotoet (la oss tippe at det er tatt frå Kjerhammar)  og tre fleire nedanfor.    

What a smashing nice night !!

http://www.youtube.com/watch?v=JE_N7vkRiSA Regn og regn har prega siste del av sommaren – men tenk, som eit lite under dei timane Smashing Jøsneset 2016 varte lørdag 6. aug så skein sola og kvelden var fin og stille. Godværet var nok eit godt bidrag til å skape den gode stemninga – men alle dei ca 220 glade menneskene som …

TOPPTUR RØSSENIBBEN

  Info finn du òg på STAVANGER TURISTFORENING og HJELMELAND TURLAG PÅ FACEBOOK