Har du sett Ellen Mari traske rundt i bygda i helga med sekk på – ja, så er det fordi ho har gått frå postkasse til postkasse med den nye, oppdaterte turstifoldaren – «Turstikart for Jøsneset – Ta turen – Jøsneset ventar på deg».
Kartet er nokså likt det som blei produsert i 2004, men teksten er oppdatert, litt fleire stadnamn på kartet og litt endring i turmål. Den nye foldaren blir delt ut i postkassane til alle på Jøsneset – inkl dei som har hyttepostkassar – og er òg nå i oppdatert utgåve her på nettsida.
Foldaren er oppdatert i regi av Jøsneset Bygdaråd med midlar frå Sparebankstiftelsen
Turstifoldaren kan fås kjøpt for kr 10 på Nauste på Nesvik, og er òg lagt ut i diverse turpostkassar; som td Håvehammar og her på Tausanibbå – obs: la de ligge i turpostkassen til nestemann.
Når du går turar på Jøsneset så vil du sjå at det er kome opp ein del nye stadnamnskilt – og fleire vil kome til etterkvart. Dette er del av stadnamnprosjektet – der det er samla inn og kartfesta lokale stadnamn + produsert skilt.
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.